Mineral og sporstoff

Mineral
Kalsium, fosfor, kalium, svovel, natrium, klor og magnesium er dei mineralstoffa som det er mest av i kroppen.
Nokre mineralstoff kan lagrast i kroppen, mens andre må tilførast jamleg gjennom mat og drikke. Det er oppgitt eit tilrådd inntak av ei rekke av mineralstoffa. For ein del av dei kan høgt inntak gi uønskte helseeffektar og forgiftingssymptom. Det er derfor også oppgitt øvre grenser for inntak av nokre av mineralstoffa.
Kalsium
Kalsium er heilt nødvendig for å bygge opp skjelettet og tennene og for at musklane skal kunne trekke seg saman, impulsar frå nervetrådar skal overførast og blodet skal koagulere. Kalsium er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen. Mjølk og ost er særleg rike kjelder til kalsium. Vi treng vitamin D for å ta opp kalsium frå maten.
Fosfor
Fosfor er ein viktig bestanddel i skjelettet og tennene og trengst for normal energiomsetning. Vi finn fosfor i proteinrike matvarer som kjøtt, fisk, egg, mjølkeprodukt og belgfrukter.
Kalium
Kalium bidrar til normal funksjon i nervesystemet og musklene. Det bidrar også til å opprettholde normal væske- og elektrolyttbalanse og normalt blodtrykk. Gode kilder er blant annet poteter, grønnsaker, frukt, bær, belgfrukter og korn.
Natrium
Natrium er nødvendig for å halde ved lag ein normal trykkforskjell mellom innsida og utsida av cellemembranane, og dermed for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Det trengst òg for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen. Vi får det meste av natriumet i kostholdet som salt (natriumklorid). Men hugs at for mykje salt kan bidra til høgt blodtrykk.
Magnesium
Magnesium verkar saman med mange enzym og deltek i kroppen sin omsetning av energi og i produksjonen av protein og arvestoff. Fullkorn, grøne bladgrønsaker, belgfrukter og nøtter er gode kjelder til magnesium.
Sporstoff
Det er vanleg å dele sporstoffa i to grupper: dei livsnødvendige, som jern, sink og jod, og dei giftige, som bly og kadmium. Det at sporstoff er livsnødvendige, vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død.
Jern
Jern er heilt nødvendig fordi det både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som er nødvendige i energiomsetninga. Dei viktigaste kjeldene til jern er grovt brød og andre grove kornprodukt, kjøtt, leverpostei og grøne bladgrønsaker. Vitamin C aukar opptaket av jern frå maten.
Sink
Sink bidreg mellom anna til normalt immunforsvar, normal omsetning av næringsstoff og til å halde ved like hud, hår og negler. Sink bidreg òg til normal sårheiling. Gode kjelder er kjøtt, fisk, meieriprodukt, fullkorn, nøtter og belgfrukter.
Selen
Selen bidreg mellom anna til å beskytte cellene mot oksidativt stress og til normal funksjon i immunforsvaret og skjoldbruskkjertelen. Fisk, sjømat, egg, kjøtt og kornprodukt er kjelder til selen.
Jod

Jod er viktig for å halde ved lag eit normalt stoffskifte, då det medverkar til å danne hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere energiomsetninga i kroppen. Gode kjelder til jod er kvit fisk, mjølkeprodukt og egg.
Relatert innhald
Mineral er stoff kroppen treng i små mengder. Dei er viktige byggjesteinar og hjelpestoff som vi må få gjennom maten.