Merking av uemballert mat - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Merking av uemballert mat

Merking av uemballert mat er viktig for forbrukarane. I denne oppgåva lærer du korleis merkinga skal gjerast, og får praktisert kunnskapen din. Oppgåva kan passe til ei økt på tre timar.

Førebuing

Les reglane for allergenmerking eller gå gjennom reglane saman med læraren før du utfører oppgåva. Her kan du lese om merkinga.

Ein skal alltid merke matvarer som inneheld nokon av desse råstoffa:

  • korn som inneheld gluten
  • skaldyr
  • egg
  • fisk
  • peanøtter
  • soyabønner
  • mjølk
  • nøtter
  • selleri
  • sennep
  • sesamfrø
  • sulfitt
  • lupin
  • blautdyr

Bruk mobiltelefon eller eit ark og skriv opp dei 14 ulike allergena som det er krav om skal merkast på all uemballert mat. Ta med deg dette notatet når du går ut og er merkedetektiv.

Gjennomføring

Gruppe 1. Ferskvareavdeling eller brødavdeling

Gå til næraste matvarebutikk og vel deg ut nokre produkt frå ferskvare- eller brødavdelinga. Studer merkinga og ta gjerne bilete dersom bedrifta tillèt dette.

Alle produkt som inneheld eitt eller fleire av dei 14 allergena, skal i all uemballert mat vere merkt. Merkinga skal vere synleg for kundane, slik at dei slepp å spørje beteninga.

Har dei uemballerte varene rett merking? Du kan til dømes sjå på dei ferdige rettane i ferskvareavdelinga eller på ulike brød og kaker utan emballasje. Korleis har dei merkt produkta?

Gruppe 2. Restaurant, kafé eller kantine

Gå til næraste kafé eller kantine og vel deg ut nokre produkt eller ein meny. Studer merkinga og ta gjerne bilete dersom bedrifta tillèt dette.

Alle produkt som inneheld eitt eller fleire av dei 14 allergena skal i all uemballert mat vere merkt. Merkinga skal vere synleg for kundane slik at dei slepp å spørje beteninga.

Er menyen eller rettane merkt etter gjeldande reglar? Korleis har dei merkt menyen eller rettane?

Oppsummering

  1. På slutten av timane skal gruppene leggje fram resultatet av oppgåva.
  2. Diskuter konsekvensar av feilmerking av matvarer.
Skrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022