Lag samisk mat! - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag samisk mat!

I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i den samiske matkulturen og i fellesskap lage ein buffé med samisk mat.

Informasjon om oppgåva

Denne oppgåva består av fleire delar.

I teoridelen går læraren gjennom teori om samisk matkultur, mellom anna om historie, mattradisjonar, konservering og ernæring.

I den praktiske delen skal de lage ein samisk buffé ut frå oppskriftsheftet med samisk mat som de finn under "Filer". De skal òg dekke og pynte eit bord. Oppdraget kan gjennomførast om hausten eller om våren, men hugs å tilpasse rettene til årstida og til kva det er mogleg å hauste. Viss noko må haustast, må de legge inn tid til dette.

Til slutt kan de reflektere over kva de har lært om den samiske matkulturen.

Teoretisk del

  • Læraren går gjennom teori om samisk matkultur. Målet med desse timane er at de skal få eit lite innblikk i den samiske matkulturen.
  • Klassen blir delt inn i grupper, og de får utlevert oppskriftsheftet. Gjer dykk kjende med oppskriftene, og vel ut dei oppskriftene de vil lage på kjøkkenet.

  • Fordel arbeidsoppgåvene, og skriv ein arbeidsplan og bestillingsliste.

  • Sett eventuelt opp tid til hausting av aktuelle råvarer og pynt til borda.

Forslag til inndeling av grupper på kjøkkenet

  • Gruppe 1 står for bakst.
  • Gruppe 2 produserer kaker, ost og dessertar.
  • Gruppe 3 lagar varmmat.
  • Gruppe 4 ordnar servering og borddekking.

Praktisk del

  • Jobb i gruppene og produser dei ulike rettane på kjøkkenet.
  • Matsalen/restauranten skal klargjerast og pyntast med samisk vri, og borda skal dekkast til at alle skal ete.

  • Set rettane på ein fin buffé, og presenter maten for kvarandre.

  • Smak på rettane til kvarandre.

Refleksjonsdel

  1. Korleis synest de den samiske maten smakte?

  2. Er det store forskjellar på den tradisjonelle samiske og den tradisjonelle norske matkulturen? Kva er likt, og kva er ulikt?

  3. Er det viktig å ta vare på gamle mattradisjonar? Kvifor/kvifor ikkje?

  4. I den samiske kulturen er det viktig å bruke heile dyret etter slakting, utnytte heile råvara og å hauste sesongvarer frå naturen. Kor berekraftig meiner de denne tankegangen er i dagens samfunn?

Skrive av Karin Sølvberg, Jannike Gausdal, Sissel T.P. Brennholm, Camilla Johansen og Inger Marit Nordtug.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2022