Kirsebær

Utbreiing
Kirsebær kjem opphavleg frå området rundt Adriahavet, men veks no vilt fleire stader i Europa og andre delar av verda. Mange har òg kirsebærtre i hagen. Kirsebær har mørk raud farge på skalet og fruktkjøttet, og dei smaker surt.
Bruksområde

Sidan kirsebær har ein svært sur og syrleg smak, passar dei best til å bli konserverte. Dei kan likevel etast naturelle saman med jogurt eller i fruktsalat. Ved foredling er surkirsebær eigna til saft-, vin- og likørproduksjon. Frukta kan òg brukast til kompott eller syltetøy.
Sesong og lagring
Den norske sesongen strekker seg frå juni til september. Kirsebær har kort haldbarheit. Dei bør oppbevarast mellom 0 og 2 gradar og ved høg luftfukt.
Kvalitetskrav
Kirsebær skal vere reine, heile, faste i skalet og utan sprekkar eller andre skadar. Dei skal òg vere fri for skadar påførte av insekt og fuglar. Skalet skal vere blankt utan blaute eller mørke flekker. Modne kirsebær skal ha djup raud farge.

Næringsinnhald
Kirsebær er kalorifattige. Frukta inneheld ein del jern og fosfor og dessutan vitamin A, B og C.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.