Kinesisk hvitlauk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kinesisk hvitlauk

Kinesisk kvitlauk har ikkje fedd som vanleg kvitlauk. Lauken består av eitt einaste rundt "fedd". Han blir óg kalla hovudkvitlauk eller einkløfta kvitlauk (headgarlic eller one cloved garlic på engelsk).

Smak og bruksområde er det same som for vanleg kvitlauk, men for dei som nyttar mykje kvitlauk, er det sjølvsagt godt å sleppe å reinske så mange fedd. Skalet er kvitt med rosa eller lilla innslag. Ved låg temperatur (helst mellom 0 og 2 gradar) og riktig fuktigheit kan tørka kinesisk kvitlauk lagrast i fleire måneder.

Med andre ord

Latin: Allium sativum 'Solo garlic'
Engelsk: Headgarlic, one cloved garlic
Tysk: Chinesischer Knoblauch
Fransk: Ail chinois

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 09.08.2024