Oppgåve
Interaktivt innhald
Kva hugsar du om jern?
Jern er et viktig mineral for kroppen. Etter at du har lese om temaet, kan du prøve deg på desse oppgåvene.
Arbeidsoppgåver om jern
- Kva for matvarer inneheld mykje jern? Av desse matvarene, kva trur du er di beste kjelde til jern?
- Nokre grønsaker inneheld mykje jern. Kva kjenneteiknar desse?
- Kva for oppgåver har jernet i kroppen?
- Forklar samanhengen mellom jern og vitamin C.
- Kva for matvarer er det lurt å ete saman med jernrike matvarer?
- Kvifor bør ein vegetarianar passe på å få i seg nok jern?
- Kva heiter mangelsjukdomen ved for lite jern?
- Kva for symptom får ein ved jernmangel?
- Kvifor treng kvinner meir jern enn menn?
- Kva for matvare er tilsett jern?
- Kva samanheng har fytinsyre med jern?
- Bruk kunnskapane du no har opparbeidd deg, og set opp ein frukostmeny som inneheld jern og vitamin C!
Relatert innhald
Mineral og sporstoff
Mineralstoffa kan ikkje dannast i kroppen, og dei må derfor tilførast via mat og drikke.