Årsplan for vg1 restaurant- og matfag - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Årsplan for vg1 restaurant- og matfag

Ein fagarbeidar i restaurant- og matfag treng brei og heilskapleg kompetanse. Dette krev forståing for at det er ein samanheng mellom kompetansemåla i dei ulike programfaga og mellom kjerneelementa og kompetansemåla. Her finn du forslaget vårt til tverrfagleg årsplan for programfaga.

Restaurant- og matfag skal utdanne fagarbeidarar som bidreg til å dekke behovet for kompetanse i restaurant- og matbransjen i eit samfunn i endring. God kunnskap om berekraftige produksjonsmetodar, trygg mat og sal av varer og tenester er ein sentral del av faget.

Programfaga skal òg bidra til at elevane får god innsikt i ulike matkulturar, korleis kosthaldet påverkar helsa, og korleis profesjonell matproduksjon set spor etter seg i samfunnet.

Årsplan i restaurant- og matfag

Emna i restaurant- og matfag har innhald og arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Vi håpar planen kan vere til inspirasjon! Last han gjerne ned og tilpass den til elevgruppa di og miljøet ditt.

Det er mogleg å trykke på dei ulike emna under faga, desse inneheld lenker. Lenkene fører deg til fagartiklar og oppgåver i det aktuelle emnet på ndla.no. Trykkar du på kompetansemåla, vil lenka føre deg til Utdanningsdirektoratets nettsider og kompetansemåla i faget.

Nyttige ressursar hos NDLA

NDLA har laga tverrfaglege ressursar som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ein av ressursane er Verktøykassa. Her finn du mange fagartiklar og oppgåver knytte til ein god skulestart og korleis ein kan skape eit trygt og utviklande skulemiljø. Du finn òg mange andre gode tips og råd her.

For elevar på restaurant- og matfag er det nyttig å øve på framføringar og presentasjonar. Dei to ressursane 11 kreative tips til framføringar og Presentasjonar er fagstoff og oppgåver som gir elevane innsikt i kva dette er, og moglegheit til å øve.

Forslag til samarbeid med fellesfag

Engelsk, naturfag, matematikk og kroppsøving har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Eit tips er å gå gjennom kompetansemåla i desse faga og samarbeide med fellesfaglærarar og lage ulike prosjekt som de kan gjennomføre i alle faga.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i vg1 restaurant- og matfag (RMF01‑03) https://www.udir.no/lk20/rmf01-03

Skrive av Vigdis Haugan, Siv Stai og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022