Stavkyrkjer

Dei første kyrkjene i Noreg
Skandinavia var blant dei siste områda i Vest-Europa som blei kristna. Dei første kyrkjene blei reiste på 1000-talet. Kristendommen førte med seg kunnskap om store steinbygningar i Europa, men i Noreg var tre det vanlegaste byggematerialet.

Stavkyrkjene er dei mest avanserte trebygningane som blei bygde i Nord-Europa i mellomalderen. Det blei bygd minst 750 stavkyrkjer i Noreg. No har vi berre 28 igjen.
Film om konstruksjonen i stavkyrkjene
Ei stavkyrkje er bygd med eit beresystem av kraftige, ståande trestolpar som blir kalla stavar. Det er desse stavane som har gitt kyrkjetypen namn. I filmklippet under (lengde 0:57) ser vi nærmare på korleis konstruksjonen er i Urnes stavkyrkje.
Film om Urnes stavkyrkje
I NRK-serien om verdsarven vår tek Silje Nordnes oss med til Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn (lengde 25:34). Kyrkja er bygd rundt 1130 og er eldst av dei bevarte stavkyrkjene våre.
Tenk over og diskuter
Kva kjenneteiknar byggestilen som er brukt i stavkyrkjene?
Kvifor trur de ein lokal stormann ønskte å bygge kyrkja på Urnes?
Kva er det som gjer Urnesportalen så unik?
Korleis kan vi seie at kunsten frå vikingtida møter den kristne tidsalderen?
Korleis blir det jobba for å bevare stavkyrkjene?
Relatert innhald
Studer ornamentikken i Urnes stavkirke, og la deg inspirere til å skape din egen dekor.
I jernalder og vikingtid blei gjenstandar og bygningar dekorerte med mystiske dyremotiv. Ornamentikken kan spegle den førkristne verkelegheitsoppfatninga.