Oppgåve
Hovudplagg inspirert av romantikken
Romantikken la mellom anna vekt på skapande fantasi. Set deg inn i kva som kjenneteiknar romantikken som periode, og lag eit hovudplagg som er inspirert av dette. Ha fokus på estetikk, heilskap i komposisjonen og tekniske løysingar.

Del 1: Utforsking, idéutvikling og planlegging

Hette laget i håndvevd silkestoff med håndbroderte blomster (1700-tallet)
- Set deg inn i kva som kjenneteiknar romantikken som periode.
- Vel noko som inspirerer deg, og bruk dette som utgangspunkt for å lage eit hovudplagg.
- Lag ein framdriftsplan.
- Teikn minst 8 idéskisser.
- Prøv ut ulike materiale og teknikkar.
- Lag arbeidsteikning.

Del 2: Lag arbeidet
Ha fokus på estetikk, heilskap i komposisjon og tekniske løysingar når du lagar hovudplagget.
Del 3: Fotografer
Ta bilete av det ferdige produktet, slik at det kjem fram korleis det skal brukast. Tenk på komposisjon og bakgrunn når du fotograferer.
Del 4: Munnleg erfaringsdeling og refleksjonar
Presenter produktet for gruppa di:
- Kva lét du deg inspirere av frå romantikken, og korleis har du brukt dette i hovudplagget ditt?
- Kva for tekniske løysingar og materiale valde du?
- Kva har du lært gjennom oppgåva, og korleis kan du bruke dette vidare?
- Har dette arbeidet overføringsverdi til andre disiplinar?