Samisk tradisjonshandverk - Oppgåver til filmen om Ramona I.S. Myrseth - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Samisk tradisjonshandverk

Oppgåve

Oppgåver til filmen om Ramona I.S. Myrseth

Ramona Irene Salo Myrseth er tekstilkunstnar og kles- og kostymedesignar. Ho representerer to kulturar og bruker dette i skapande arbeid. Sjå filmen og reflekter over spørsmåla, før de diskuterer dei i klassen.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1

Sjå filmen om Ramona Irene Salo Myrseth, og svar på oppgåvene:

  1. Korleis beskriv Myrseth at konflikten mellom det norske og samiske har gjort at ho er ein del av to kulturar?
  2. Korleis finn ho inspirasjon til arbeida sine, og korleis bruker ho det samiske handverket som inspirasjon?
  3. Kva slags kulturar pregar identiteten din? Korleis kan du bruke dette i eige skapande arbeid?
  4. Kva utfordringar ser Myrseth at moteindustrien har med tanke på berekraft? Kva gjer ho sjølv for å drive berekraftig?
  5. Korleis jobbar ho med funksjonalitet og estetikk?
  6. Til slutt i filmen seier Myrseth at ho er redd for skuldingar om kulturell appropriasjon. Finn ut kva kulturell appropriasjon betyr. Kva synest du om den nyskapande måten Myrseth formidlar samisk kultur på?

Del 2

Drøft svara med sidemannen din, før de diskuterer temaet felles i klassen.

Relatert innhald

Fagstoff
Kultur som utgangspunkt for nyskaping

Ramona Irene Salo Myrseth er tekstilkunstnar og kles- og motedesignar. Ho representerer to kulturar og bruker dette på ein nyskapande måte.

Fagstoff
Kulturell appropriasjon

Kulturell appropriasjon er eit viktig omgrep å kjenne til når ein låner element frå andre folkegrupper og kulturen deira.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2020