Samisk tradisjonshandverk - Tradisjonskunnskap i duodjifaget - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Samisk tradisjonshandverk

Fagartikkel

Tradisjonskunnskap i duodjifaget

Duodji er samiske handverkstradisjonar og -produkt. Tradisjonskunnskap i samisk duodji er ofte ikkje nedskriven, men blir ført vidare frå foreldre til barn, eller frå tradisjonsberarar til nye utøvarar. I dag er det mange som driv med næringsverksemd i faget.
Filmen er produsert av Norske Kunsthåndverkere og er ein del av portrettserien "Kunstnerbesøket". Video: Norske kunsthåndverkere / Avgrensa bruksrett

Tradisjonskunnskap

Samisk kultur har ei historie som byrja mange tusen år før tidsrekninga vår. Samane levde som nomadar. Det vil seie at dei skifta buplass i løpet av året for å bruke naturressursane best mogleg. Tradisjonelt tilverka samiske familiar sjølv det meste av klede, reiskapar og utstyr som trongst til eit nomadisk levesett.

Materiale

Duodji er ei nemning for samisk sløyd, handverk og kunsthandverk. Materiala kom tradisjonelt frå rein og andre naturressursar i nærmiljøet, mens ull, tøy, kuskinn og metall vart kjøpte eller bytte til seg. Klede, sko og andre bruksgjenstandar vart sydde av rein-, sel- og kuskinn, med tråd laga av sener. Horn og bein vart brukte til ulike formål, og av never, tæger (røter) og rirkuler vart det laga oppbevaringskar. Av andre tremateriale vart det laga større gjenstandar som komser, seletøy og sledar, og buplassar.

Bruksgjenstandar vart ofte dekorerte med samiske symbol. Det var òg vanleg å reparere gjenstandar, bruke att materiale og lage bruksting av det ein hadde tilgjengeleg. Blant fastbuande samar var det vanleg å spinne garn og veve tekstil i ull.

Duodji som næring

I dag er det mange verksemder som driv med duodji som næringsveg. Tradisjonelle samiske produkt som klede, reiskap og pyntegjenstandar blir skapte av tekstil, skinn, tre, bein og metall. Tradisjonell duodji produserer som oftast i små føretak med berre éin tilsett. Det finst òg bedrifter som vidareutviklar duodjiprodukt og tenester innan faget.

Handverkarane fører vidare samiske tradisjonar ut frå former, mønster og fargar som er viktige markørar for samisk kultur. Duodji speglar òg regionale særtrekk og kan delast inn i nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og skoltesamisk duodji.

Når du lærer å jobbe med duodji, får du del i tradisjonskunnskap som har vorte bevart i tusenvis av år og overført munnleg og gjennom praktisk arbeid. Dei som lærer seg samiske duodjitradisjonar blir litt tradisjonsberarar, dei òg. Ein tradisjonsberar har eit ansvar for å forvalte tradisjonskunnskapen på ein god måte. Til dømes bør du ta omsyn til stadstradisjonar når du produserer og utviklar duodji.

Opplæringskontoret for reindrift og duodji får årleg støtte til lærlingar i duodjifaga, og Duodjeinstituhtta får støtte til å utvikle duodjinæringa. Sametinget og næringsorganisasjonane i duodji (Landsorganisasjonen Sámiid Duodji og Duojariid ealáhussearvi) varetek ein næringsavtale for næringa.

Samiske varemerke

Det kan brukast to sertifiseringsmerke for å vise at eit produkt er ekte samisk handverk. Sámi Duodji-sertifiseringsmerket har eksistert sidan 1980-talet og er eit innarbeidt merke for samisk tradisjonshandverk.

Sámi Made-sertifiseringsmerket er eit nytt merke frå 2022 som garanterer at produktet er laga av samar eller av eit samisk selskap. Billigkopiar av samiske produkt er ei stor utfordring for heile det samiske samfunnet fordi slik produksjon ikkje støttar samiske kreative næringar eller det samiske samfunnet.

Forbrukaransvar

Det er ikkje berre duodjiprodusentane som har eit ansvar for å forvalte tradisjonskunnskap, men også brukarane. Til dømes er det viktig at forbrukarar som du og eg klarer å sjå at eit produkt er laga for hand og tilhøyrer ein viss kultur. Er du på reise, er det fint å kunne kjøpe ein suvenir som er laga i bygda du besøker, i staden for noko som er kopiert og industrielt produsert andre stader. Når vi klarer å kjenne att produkt og medvite vel å kjøpe desse, er vi med på å løfte verdien av handverket, samtidig som vi støttar lokale handverkarar.

Kilde

Sámiráđđi/Samerådet (2022). Sámi Made og Sámi Duodji. Samiske sertifiseringsmerker for autentiske samiske produkter. https://samimade.com/?lang=no

Skrive av Sara Inga Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022