Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Projeksjonstegning av ein pinnestol

Arbeidsteikningar skal gi eit klart bilete av det som skal lagast, med mål og i målestokk. I projeksjonsteikning ser du gjenstanden frå fleire sider. Kristine Kandal-Ilagsmoen viser deg steg for steg korleis du kan teikne oppriss, snitt og grunnriss av ein pinnestol i målestokk 1:5.

Fagord

Riss
Ei arbeidsteikning viser ein gjenstand sett frå fleire sider. Teikningane av dei ulike sidene kallar vi riss.
Hovudriss
Hovudrisset er den sida av gjenstanden som gir mest informasjon. Vi må bestemme kva side vi vil bruke som hovudriss.
endret fra bestemt form
Opprisset blir gjenstanden sett framanfrå.
Sideriss
Sideriss er gjenstanden sett frå sida.
Snitt
Tenk deg at du deler ein gjenstand på midten slik at du kan sjå korleis den ser ut innvendig. Vi skraverer snittflata for å vise kvar gjenstanden er kuttet.
Senterlinje
Senterlinja er ei hjelpelinje som viser midten av gjenstanden.
Grunnriss
Grunnriss er gjenstanden sett fra ovanfrå. Dette blir òg kalla plan.

Film om utstyr og oppmåling

I filmen under (lengde 21:13) får vi demonstrert korleis vi bruker T-linjal og teikneplate. Etterpå ser vi korleis vi kan måle opp lengdene i ein pinnestol.

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0

Film om å lage oppriss

I filmen under (lengde 19:23) får vi sjå korleis pinnestolen blir teikna opp sett framanfrå.

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0

Film om å teikne snitt

Her viser handverkaren korleis ho teiknar eit snitt av stolen (lengde 16:09). Det vil seie at ho teiknar stolen slik vi ville ha sett han dersom vi hadde delt han i to på midten.

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0

Film om å teikne grunnriss

I denne filmen (lengde 16:11) bruker håndverkeren passar og linjal til å overføre størrelsane i opprisset og snittet. Då kan ho teikne opp grunnrisset. Det vil seie at vi ser stolen ovanfrå. Dette blir òg kalla plan.

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0

Film om korleis vi legg inn den siste informasjonen

Til slutt blir arbeidstekninga gjord ferdig. Det ser vi i filmen under (lengde 6:09).

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist oppdatert 10.09.2026