Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Lær deg prinsippa for arbeidsteikning

Ei arbeidsteikning skal gi den informasjonen vi treng når vi skal produsere ein gjenstand. Det kan vere greitt å bruke eit teiknebrett for å gjere dette nøyaktig. Øv deg på å teikne ei fyrstikkeske sett ovanfrå, framanfrå og frå sida. Instruksjonsvideoen tek deg gjennom prosessen trinn for trinn.

Film: Arbeidstegning med tegnebrett

I filmen under (lengde 3:58) viser Kristine Kandal-Ilagsmoen korleis du kan bruke eit teiknebrett, og demonstrerer inndeling av arket.

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0

Riss i arbeidsteikninga

Ei arbeidsteikning viser ein gjenstand sett frå fleire sider. Teikningane av dei ulike sidene kallar vi riss.

Hovudrisset er den sida av gjenstanden som gir mest informasjon. Vi må bestemme kva side vi vil bruke som hovudriss. For fyrstikkeska blir det den sida vi ser ovanfrå.

Opprisset blir då fyrstikkeska sett framanfrå.

Sideriss er fyrstikkeska sett frå sida.

Senterlinja er ei hjelpelinje som viser midten av gjenstanden.

Praktisk øving

  1. Finn ei fyrstikkeske eller ei anna enkel rektangulær form.

  2. Følg instruksjonane i filmen nedanfor, bruk hjelpelinjer og teikn fyrstikkeska sett ovanfrå, framanfrå og frå sida.

  3. Bruk mållinjer og før på dei ulike lengdene oppgitt i millimeter.

  4. Lag ei rute nedst i høgre hjørne, der du skriv inn målestokk, namn på gjenstanden, materialbruk, namnet ditt og dato.

Film: Arbeidstegning: Fyrstikkeske

Kristine viser deg korleis ho teiknar ei fyrstikkeske sett ovanfrå, framanfrå og frå sida i filmen under (lengde 14:51).

Video: Kristine Kandal-Ilagsmoen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 07.09.2026