Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Maksimalisme

Maksimalisme er det motsette av minimalisme: overdådige uttrykk, gjerne med bruk av sterke fargar og mykje mønster. Livsglede og kreativt mangfald er i fokus.

Maksimalisme kan bety å gå så langt som mogleg. Korleis kan du gjere det i design og handverk?

Mange opplevde den enkle stilen i minimalismen som kald og upersonleg. No ville dei heller vise livsglede og kreativt mangfald. Maksimalismen utvikla seg på 1990- og 2000-talet og er framleis aktuell. Stilretninga er prega av sensuelle, organiske og svulmande former. Fargebruken kan vere sterk, ofte med eit repeterande mønster.

Tenk over

Hugsar du kva som kjenneteiknar barokken?
Du kan lese meir om dette i NDLA sin artikkel om barokken.

Kva blei maksimalismen inspirert av?

Maksimalismen blei inspirert av barokken på 1600-talet, der alt skulle vere stort og mykje. Mønstra tapet og lysekroner er noko vi finn att i interiørmoten i dag.

Det overdådige uttrykket i maksimalismen kan også minne om stilen i overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Men no bruker vi andre former og teknikkar. Ny vitskap og teknologi har inspirert til å utforske moglegheitene som ligg i design og kunsthandverk.

Klesdesign

Maksimalistisk mote kan vere klede du sjeldan ser på gata, men gjerne opplever på catwalken eller scena.

Kleda skil seg ut i bruken av former og materiale. Det kan vere alt frå fjær, pels og skinn til material som vanlegvis ikkje blir brukte til klede. Pia Myrvold har brukt remser av plastposar i drakta "In-formation" - Paris Identity (1994).

På Nasjonalmuseet kan du sjå kjolen til Ove Herder Finseth ”Orientalsk blomsterhavn” med støvlettar i same mønster, laga av Vibeke Barbo i 2003. Dette antrekket illustrerer også maksimalismen.

Skriv ned nokre stikkord

Oppsummer kva som kjenneteiknar maksimalisme. Kan du finne døme på maksimalisme innan det yrket du har valt?

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 28.07.2026