Lag tankekart - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag tankekart

I eit tankekart sorterer du idéane dine på ein fri og visuell måte. I denne oppgåva samarbeider de i klassen for å komme på flest mogleg idéar. De skal lage eitt eller fleire tankekart. Arbeid i grupper for å kunne byggje vidare på idéane til kvarandre. Den eine assosiasjonen fører til den neste.

Utstyr

  • ark i stort format, til dømes A1 eller A2
  • tusjar i ulike fargar
  • musikk

Oppgåve

  1. Del inn i grupper på fire til seks elevar. Kvar gruppe får ein tusj med ulik farge.
  2. På førehand legg de fram store ark. Det skal vere like mange tankekart som grupper, og de fordeler arka rundt i klasserommet. Heng tankekart på veggen, legg dei på golvet, eller plasser dei på ulike bord.
  3. Bestem på førehand kva som skal stå i senter på dei ulike tankekarta. Vel det som er aktuelt for oppgåva dykkar, til dømes tema, bodskap, målgruppe, teknologi og teknikkar, materiale og fargar.
  4. Den som leier aktiviteten startar musikken, og kvar gruppe skriv så mange stikkord dei klarer. Når musikken blir stoppa, må alle slutte å skrive og gå til neste tankekart. I tillegg til ord kan de teikne små skisser på arka.
  5. Hald fram til alle har jobba på alle tankekarta. Det er om å gjere at fargen i gruppa dekkjer mest mogleg av arka.
  6. For å velje ut dei beste idéane, kan de avslutte med å setje ein strek under dei idéane de vil jobbe vidare med.
Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2020