Kvantitetskontrast - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvantitetskontrast

Kvantitet er det same som mengd. Her handlar kvantitet om kor store fargeflatene er. Kontrasten oppstår mellom små og store fargeflater. Viss storleiken på fargeflatene står i forhold til fargeintensiteten, skapar vi harmoni.

Fargeintensitet

Fargane har ulik intensitet (lyskraft). Gult har mykje lys, mens lilla har en mykje mørkare valør. Vi må derfor ha eit mykje større lilla fargefelt for å få balanse mellom gult og lilla. Raudt og grønt har lik lysverdi. Grønt og raudt er derfor i balanse når fargeflatene er like store. I kvantitetssirkelen er gult, oransje, raudt, lilla, blått og grønt delt inn slik at storleiken på fargeflatene er i balanse.

Harmoni

Når du brukar fargene slik at mengda står i forhold til intensiteten, blir det harmoni. Skal du lage eit bilete med likevekt i fargane, må du bruke mindre av dei lyse, varme fargane og meir av dei mørke og kalde. Når dette brytast, kan det oppstå ein ekspressiv verknad.


Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2019