Oppgåve
Fargane sin eigenkontrast i eit glasmåleri
Prøv ut ulike fargar i flatene på eit glasmåleri. Vurder effekten av fargebruken.

Nærbilete av glasmåleri i ei kyrkje
Oppgåve
- Lag utkast til eit glasmåleri i eit teikneprogram.
- Fyll fargeflatene med reine, klare fargar og prøv ut ulike fargesamansetjingar.
- Prøv ut korleis fargeverknaden endrar seg når du bruker svarte og kvite linjer mellom fargeflatene.
- Vurder eigenkontrasten i dei ulike fargeforslaga.
Alternativt kan du bruke eit foto av eit glasmåleri eller bruke det geometriske mønsteret i biletet under. Eksperimenter med å endre fargane og prøv ut ulike fargesamansetjingar.

Geometrisk mønster konstruert av kryssande linjer og sirklar.
Relatert innhald
Fargane sin eigenkontrast
Den enklaste kontrasten er fargane sin eigenkontrast eller kulørtonekontrasten. Denne oppstår når ein set minst tre ulike fargar saman.
Glasmåleri
Leik med fargar og motiv og lag ditt eige glasmåleri. Vindauget skal ha eit stilisert motiv som er tilpassa kvar glasmåleriet skal vere.