Hopp til innhald
Fagartikkel

Introduksjon til emnet stilhistorie

Designarar og handverkarar byggjer vidare på det andre har gjort før dei. Her skal vi gi deg oversikt over ulike stilperiodar. Bruk stilhistoria som inspirasjon til eige skapande arbeid.

Menneske har alltid sett spor etter seg visuelt. Det finst fleire tusen år gamle holemåleri og helleristingar med bilete av dyr og menneske, og av scenar frå jakt og fiske. I dag blir det spraya graffiti på murveggar og T-banevogner. Aktiviteten er på sett og vis den same, men det visuelle uttrykket er forskjellig. I denne samanhengen bruker vi omgrepet stilhistorie. Stilhistoria beskriv kjenneteikn i ulike tidsepokar.

I utarbeidinga av denne stilhistoria har vi fått god hjelp av tilsette ved Kunstindustrimuseet i Oslo, som no er ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. La deg inspirere, og bruk kunnskap om stilhistorie til å skape noko nytt.

Vi vil først og fremst presentere ting som har med design- og handverksfag å gjere. Ver merksam på at mange av dei same omgrepa også blir brukte i kunsthistoria og musikkhistoria. Legg også merke til at årstal og namn på periodane berre er rettleiande. Ulike fagfolk vil kunne bruke ei anna inndeling enn denne. Særleg for 1900-talet finst det fleire ulike stilnemningar som vi vil kome nærmare inn på i artiklane om desse periodane.

Skrive av Svein Sandnes og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021