Form, stilisering og logo - Fotojakt etter former - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Form, stilisering og logo

Oppgåve

Fotojakt etter former

Ta med deg eit fotoapparat eller mobilen din og gå ut i nærområdet ditt. Legg merke til ulike former, både naturlege og menneskeskapte. Ta mange bilete av ulike former og formuttrykk. Samarbeid om å sortere ulike typar form, og diskuter korleis dei blir opplevde.

Formuttrykk

Alle former uttrykker noko, og opplevinga av former kan vekke kjensler og vere med på å skape ulike stemningar. Evna di til å sjå og vurdere form påverkar kvaliteten i det skapande arbeidet ditt. I denne oppgåva skal du starte med å bli klar over formene du har rundt deg, ta bilete av dei og lære å beskrive dei på ein profesjonell måte.

Del 1: Fagomgrep

Lær deg fagomgrepa:

Geometrisk form

Ei geometrisk form kan vi konstruere med passar og linjal, til dømes sirklar, firkantar og trekantar.

Organisk form

Ei organisk form har uregelmessige, mjuke linjer slik vi finn dei i naturen.

Additiv og subtraktiv form

Additiv betyr å legge til, og subtraktiv betyr å trekke frå. Ei additiv form er bygd opp av fleire delar som skaper ein ny heilskap. Dette blir også kalla ei addert form. Det kan til dømes vere ein hank som er lagt til ei dreidd form i leire, eller ein kollasj som er bygd opp av fleire lag.

I ei subtraktiv form er ein eller fleire deler fjerna, men utgangspunktet blir kommunisert. Vi kjenner til dømes igjen eplet i logoen til Apple, sjølv om ein bit er teke bort. Dette blir også kalla subtrahert form.

Del 2: Fotografer ulike former

Bli samde med læraren dykkar om kor lenge de kan gå på jakt etter ulike former. Ta bilete av det du kjem over, og prøv å finne ulike døme på fagomgrepa over.

Del 3: Sorter bileta etter form

Sitt saman med ein medelev og gå gjennom bileta de har teke.
Sorter dei etter:

  1. geometriske former som sirklar, firkantar og trekantar
  2. organiske former

  3. additive former

  4. subtraktive formar

  5. former som ikkje passar i nokon av kategoriane over

Del 3: Reflekter over korleis de opplever dei ulike formuttrykka

Vurder bileta de har sortert.

  • Korleis opplever de formuttrykka i kvar av dei fem formgruppene?

Del 4: Presenter

Vis:

  • gode døme på geometriske og organiske former

  • gode døme på additiv og subtraktiv form

Forklar korleis de opplever dei ulike formuttrykka.

Relatert innhald

Fagstoff
Geometrisk og organisk form

Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal, mens organiske former har uregelmessige, mjuke linjer som dei vi finn i naturen.

Fagstoff
Additiv og subtraktiv form

Additiv betyr at noko blir lagt til, og subtraktiv vil seie å trekkje noko ifrå. Korleis kan du bruke additiv og subtraktiv form i produktutvikling?

Skrive av Ellen Johansen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2024