Fargane sin eigenkontrast - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fargane sin eigenkontrast

Den enklaste kontrasten er fargane sin eigenkontrast eller kulørtonekontrasten. Denne oppstår når du set minst tre ulike fargar saman. Det blir kontrast mellom dei fordi fargane er forskjellige. Reine kulørte fargar skaper størst eigenkontrast.

Gult, raudt og blått gir størst eigenkontrast

På same måte som svart og kvitt gir den største kontrasten mellom lys og mørke, gir rein gul-, raud- og blåfarge størst kontrast mellom fargane. Ein kombinasjon av desse tre fargane, til dømes på ein plakat eller i eit utstillingsvindauge, vil tiltrekke seg oppmerksemd.

Kva skjer viss vi plasserer fargane saman med kvitt eller svart?

Plasserer vi fargane saman med kvitt, ser vi at den kvite fargen svekker fargane si strålekraft og gjer dei mørkare. Svart vil auke fargane si strålekraft og gjere at vi opplever dei lysare. Dette kan vi sjå tydeleg i glasmåleri.

I fargeleggingsbøker eller fargeleggingsappar kan du prøve ut korleis fargane blir opplevde når dei er ramma inn av svarte linjer.

Korleis kan vi gjere eigenkontrasten mindre?

Blandar vi inn svart eller kvitt i fargane, blir eigenkontrasten mindre. Dette kan du lese meir om i NDLA sin artikkel om kvalitetskontrasten.




Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2024