Oppgåve
Interaktivt innhald
Roller i kommunikasjonen
Oppgåve 1
Kven har kva for ei rolle?
Sjå på døma nedanfor. Kven har likeverdige roller her, kven har ei underordna rolle, og kven har ei dominerande rolle?
- Du vert vekt av mora di.
- Du ber broren din verte ferdig på do.
- På veg til bussen spør du ei dame du ikkje kjenner, om kva klokka er.
- Ein kamerat spør om du kan hjelpe han med ei engelskoppgåve.
- Læraren vil høyre deg i leksa du ikkje har gjort.
- Du er leiar for elevrådet og opnar allmøtet.
- Du har eit godt auge til nokon i parallellklassen og vil be han eller henne med på kino.
Oppgåve 2
Private roller, offentlege roller og yrkesroller
Bileta i biletkarusellen under viser ti ulike kommunikasjonssituasjonar. Sjå nærmare på rollene til dei ulike personane:
- Har dei private roller, offentlege roller eller yrkesroller?
- Har dei overordna, underordna eller likeverdige roller?
Relatert innhald
Roller i kommunikasjonen
Lær om ulike roller som vi kan ha i kommunikasjon med andre.
Roller og rammer for kommunikasjon på jobb
Har du kommunikativ kompetanse? Då veit du at rolle, situasjon og plattform påverkar korleis vi kommuniserer på jobb.