Kontrastar - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kontrastar

Ordet kontrast betyr «motsetnad» eller «forskjell». Vi kan ha kontrastar mellom fargar, former, linjer, overflater og materiale.

Små og store kontrastar

Dersom du bruker store kontrastar, altså store forskjellar, mellom til dømes fargane eller formene i eit produkt, vil du tilføre spenning og liv til produktet. Store kontrastar skaper òg dramatikk og forsterkar sterke kjensler. Når du jobbar med små kontrastar, blir det danna ro, stille og harmoni. Om kontrastane er små, vil produktet ditt dermed verke rolegare.

Motsetnader som framhevar kvarandre:

  • mjuk mot kantete
  • liten mot stor
  • tung mot lett
  • kald mot varm
  • ru mot glatt
  • dynamisk mot statisk

Når du designar eit produkt, bruker du alltid kontrastar. Viss du til dømes skal lage eit smykke, kan du skape kontrast mellom ei glatt og ei ru overflate i smykket. Eller du kan skape kontrast mellom ei lita perle på ei større flate for å framheve perla.

Materialkontrastar

Materiale kan ha ulik oppbygging, utsjånad, overflate og farge. Du kan skape spennande kontrastar ved å setje ulike materiale opp mot kvarandre. I eit interiør kan du til dømes setje saman ulike naturlege materiale, som eit tregolv, keramikkfliser, ein betongvegg og ein sofa med tekstil i ull. Dette vil skape eit harmonisk og behageleg uttrykk.

For å skape sterkare kontrastar kan du setje mjuke materiale, harde materiale og plastmateriale saman. Du kan òg setje naturmateriale opp mot materiale som er kunstig framstilte. Ein stol som er laga i plast, har bein i metall og står på eit mjukt teppe, vil danne ein stor kontrast og skape eit spennande uttrykk. Dersom stolen i tillegg har ein sterk farge, blir uttrykket meir energisk og livleg.

Formkontrastar

Nokre gonger ønskjer du å framheve enkelte former eller vekkje merksemd. Andre gonger ønskjer du berre å krydre heilskapen med ein liten kontrast. Former utan kontrastar blir fort kjedelege.

Element som kan danne kontrastar i og mellom former, er til dømes

  • rund mot spiss
  • liten mot stor
  • open mot lukka
  • klar mot uklar
  • organisk mot geometrisk

Organisk og geometrisk form

Organiske former er henta frå naturen og har rørsle. Linjene er mjuke, bølgjande og avrunda.

Geometriske former kan konstruerast med passar og linjal. Dei kan ha rette linjer, som i rektangel, kubar, trekantar og pyramidar, eller dei kan vere sirkelforma.

Open og lukka form

Ei open form oppfattar vi som positiv og lett, mens ei lukka form gjerne er tung og verkar som ho trekkjer seg tilbake. Eit tre er eit døme på ei open form, mens ein stein er ei typisk lukka form. Opne former opplever vi som inviterande og aktive overfor omgivnadene. Lukka former opplever vi derimot som avvisande og passive.

Addert og subtrahert form

Å addere tyder «å leggje til». Å addere former vil seie å leggje til former slik at vi får ei form som er sett saman av fleire. Når vi har med ei subtrahert form å gjere, har vi teke bort noko, eller trekt frå former. I logoen til Apple er eplet ei subtrahert form, fordi ein liten bit er trekt frå.

Positiv og negativ form

Når vi snakkar om positiv form, meiner vi sjølve forma på ein gjenstand, eit motiv eller ein figur, mens negativ form er området rundt ei positiv form – eller mellomromma mellom positive former. Ofte er det like viktig å fokusere på dei negative som dei positive formene.

I tekstkomposisjonen til høgre kan vi lese orda negativt rom. Den negative flata som utgjer o-en i ordet rom, er like viktig som dei positive flatene r og m. Dersom vi oppfattar både den positive og den negative forma som gode, blir heilskapsinntrykket vårt at det er eit godt design.

I mange tekstilar og tapet er dei negative flatene like viktige som dei positive. Som designar bør du raskt kunne oppfatte både dei positive og dei negative flatene.

Konveks og konkav form

Konveks betyr «bua utover» eller «krumma utover». Til dømes ein ball har ei konveks form. Ei konkav form er det motsette; ho krummar innover, slik som den kvite flata gjer i illustrasjonen til høgre.

Dynamisk og statisk form

Ei dynamisk form formidlar rørsle, eller ho kan vere med på å lage rørsle i ein komposisjon. Du kan oppleve rørsle i ein gjenstand som står heilt i ro. Det er fordi blikket ditt går langs forma eller i ei retning. Ei statisk form er noko som står i ro, og som vi opplever er i likevekt. Dynamiske former oppfattar vi som energiske og fulle av liv og kraft.

Kontrastar i overflater og teksturar

Tekstur har å gjere med korleis vi opplever overflater. Ei glatt overflate er annleis enn ei mjuk overflate. Vi kan både kjenne og sjå at desse overflatene har ulik karakter.

Ein annan måte å beskrive det på er å seie at vi kan oppleve teksturen taktilt eller visuelt. Å oppleve ein tekstur taktilt vil seie at vi faktisk kan kjenne overflata om vi tek på ho. Å oppleve teksturen visuelt vil seie at vi kan førestille oss korleis overflata kjennest når vi ser på ho.

Tekstur kan brukast til å understreke former, kontrastar, kjensler og djupne.

Overflater kan til dømes vere glatte, ru, mjuke og harde. Kor mange andre ord kan du kome på som beskriv ulike overflater?

Du kan skape kontrast mellom to eller fleire materiale i eit produkt. Til dømes kan det vere kontrast mellom tre og metall, som i stolen som er avbilda her. Metall er glatt, og vi opplever det som kaldt og hardt. Tre er òg hardt, men vi opplever ei overflate i tre som langt varmare enn ei metalloverflate.

Kontrastar i overflater og teksturar kan til dømes vere

  • ru mot glatt
  • matt mot blank
  • mjuk mot hard
  • grov mot fin

Kontrastar mellom linjer

Ei linje kan vere ein strek vi ser, eller den usynlege linja vi føler oppstår mellom fleire punkt. Linjer er ulike. Somme rører seg leikent og elegant, mens andre er krokete og harde.

Kontrastar i linjer kan til dømes vere

  • tynn mot tjukk
  • rett mot bua, krokete eller knekt
  • horisontal, vertikal og diagonal
  • kort mot lang

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2020