Øvelse
Asymmetrisk og symmetrisk balanse i foto
I denne øvinga skal du fotografere arkitektur i byen, tettstaden eller bygda der du bur. Kanskje har du eit spennande bygg, moderne eller gammalt, i nærområdet ditt? Bruk det gylne snittet eller tredelsregelen for å skape symmetriske og asymmetriske komposisjonar.
Tema: arkitektur.
Fotografer arkitektur i nærområdet ditt. Bruk det gylne snittet eller tredelsregelen i utsnitta dine.
Leit etter asymmetrisk og symmetrisk balanse i motiva du fotograferer.
Legg fotoa inn i eit biletredigeringsprogram og teikn inn tredelingslinjene. Eller skriv ut bileta og teikn inn tredelingslinjene med tusj.
Kva i motivet blir blikkfang, kvar er det plassert, og kvifor ser du dette først?
Er fotoet i balanse? Kva skaper balanse i dei asymmetriske komposisjonane?
Relatert innhald
Fagstoff
Tredelsregelen og det gylne snittetDet gylne snittet er ei deling av ei linje eller flate som vi opplever som harmonisk. Komposisjonsprinsippet har vore brukt sidan antikken.