Kva er komposisjon? - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er komposisjon?

Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap. Ordet komposisjon kjem frå latin og betyr samanstilling eller samansetning.

Å setje saman

Komposisjon handlar om å setje fargar, former og materiale saman til ein heilskap. Vi komponerer for å skape eit produkt med eit uttrykk. Nokre gonger ønskjer vi å skape ro og harmoni, og andre gonger ønskjer vi spenning og dynamikk. Som handverkar og designar skaper vi det uttrykket som kunden vår ønskjer.

Tenk over

  • Har du komponert noko i dag?
  • Nemn fem yrke der du bruker kunnskap om komposisjon dagleg i arbeidet ditt.

Kva er komposisjon?

Kvar dag tek du stilling til kva klede du set saman og tek på deg. Ein tekstildesignar har teke bevisste val i utforminga av plagga. Frisøren har jobba med form og proporsjonar i frisyren din. Interiøret der du bur, er sett saman og plassert på bestemte måtar. Interiørkonsulentar hjelper kundar med å lage heilskaplege løysingar ut frå ønska og behova til kundane. Alt frå koppen du drikk av, til vasen som står på bordet, er laga av ein designar som har teke stilling til form, kontrastar og storleik. Blomsterbuketten du har i vasen din, er sett saman av ulike blomstrar og materiale. Blomsterdekoratøren skaper kontrastar og bruker gjentaking og rytme for å skape bestemte stiluttrykk. Ein eksponeringsdesignar har på si side laga konseptet for blomsterbutikken ved å setje saman dei ulike elementa i butikken.

Komposisjonsprinsipp

Komposisjonsprinsipp er reglar for korleis du kan jobbe med komposisjon. Prinsippa blir brukte som verkemiddel for å skape ulike uttrykk.

Relatert innhald

Fagstoff
Komposisjonsprinsipp

Du bruker komposisjonsprinsipp for å skape heilskap og det uttrykket kunden ønskjer.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2020