Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Stilhistorie

Fagstoff
Video

Gatekunst og den anonyme kunstnaren

Du har sikkert sett gatekunst, eller street art på engelsk, ute i bybiletet? Gatekunst er kunst oppført i det offentlege rommet, gjerne som måleri og graffiti på murar og vegger. Av og til kan det vere rein dekor, men ofte har kunsten ein politisk eller sosial bodskap til folk på gata.

Film om gatekunst i New York

I filmen under (lengde 5:10) ser vi på gatekunst generelt og tek ei byvandring i New York.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Ulike former for gatekunst

Gatekunst finn vi vanlegvis i bymiljø. Uttrykksformene og formålet med kunsten kan variere. Gatekunst kan vere

  • estetisk – appellere til sansane

  • sosialt engasjerande – sette fingeren på noko i samfunnet

  • politisk – ha ein politisk bodskap

  • humoristisk – vere morosam

  • personleg – uttrykke noko om kunstnaren, personlege kjensler og meiningar

  • kommersiell – oppmode til kjøp

Teknikkar

Ei vanleg form for gatekunst er graffiti – anten ved frihandsteknikk eller gjennom sjablongar. Andre gatekunstnarar set opp klistremerke og plakatar eller lagar måleri på ulike typar flater i bybiletet. Nokre jobbar òg tredimensjonalt og lagar installasjonar og skulpturar.

Film om urban kunst i Berlin

Urban kunst omfattar ulike kunstformer som oppstår i bymiljø. Gatekunst kan vere ein del av dette. I filmen under (lengde 5:39) møte vi først Christian Rothenhagen. Han let seg inspirere av bybiletet og skaper urban kunst. Etterpå får vi ein guida rundtur der vi utforskar gatekunst i Berlin.

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Den anonyme kunstnaren

Street art er som oftast ikkje ønskt eller bestilt av dei som eig dei flatene som blir dekorerte. Mykje gatekunst er derfor ofte ulovleg oppført. For å unngå problem med politiet er dei fleste gatekunstnarane anonyme, og dei opererer med pseudonym, kallenamn, når dei signerer verka sine. Denne anonymiteten gir gatekunsten ei form for mystikk. Det kan vere vanskeleg å vite kven som har laga kunstverka, og kva dei betyr.

Relatert innhald

Historisk blikk på gatekunst

Gatekunst har utvikla seg frå ulovleg graffiti til å også bli eit anerkjent kunstuttrykk. Møt nokre kunstnarar som har bidrege til dette.

Skrive av Ellen Johansen og Marita Ivarsson Elverum.
Sist oppdatert 19.06.2024