Frisyre inspirert av ein stilepoke - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Frisyre inspirert av ein stilepoke

Stilhistoria beskriv kjenneteikn i ulike tidsepokar. Vel ein stilepoke, og set deg inn i kva som typisk for hårmoten i denne perioden. Finn ein frisyre som du vil modernisere. Her er det viktig å få fram trekk frå stilepoken, samtidig som du tilpassar frisyren til vår eiga tid.

Del 1: Stilhistorie

  1. Vel ein stilepoke du vil finne ut meir om.
  2. Bruk internett eller litteratur, og sett deg inn i kva som kjenneteiknar hårmoten i denne perioden.
  3. Finn ein frisyre som du blir inspirert av.

Del 2: Idéutvikling og produksjon

  1. Bruk frisyren du har valt i del 1 som utgangspunkt. Lag skisser til korleis du kan få denne frisyren til å passe inn i moderne tid.
  2. Skaff deg eller lag tilbehøyr du treng til frisyren.
  3. Øv på teknikkane du skal bruke i frisyren.
  4. Lag frisyren på øvingshovudet eller ein modell. Ta bilete undervegs og av det ferdige resultatet.

Del 3: Dokumentasjon

  1. Presenter hårmoten i stilepoken du har valt.
  2. Presenter arbeidsprosessen din, og vurder det ferdige produktet.
  • Korleis kan vi kjenne igjen stilepoken du har late deg inspirere av?
  • Korleis har du tilpassa uttrykket til vår eiga tid?

Relatert innhald

Fagstoff
Stilhistorie

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan òg inspirere til nyskaping.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022