Demografisk segmentering - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Demografisk segmentering

Ordet demografi er henta frå gresk og tyder «skildring av folkemengda». Demografiske kriterium for segmentering er kriterium som skildrar såkalla harde fakta ved folkesetnaden, som til dømes kjønn, alder, sivilstand, bustad og familiestorleik.

Den vanlegaste segmenteringsmåten

Omgrepet demografi kan definerast som «det vitskaplege studiet av dei kvantitative sidene ved menneskelege populasjonar, særleg storleiken på og samansetjinga og utviklinga av populasjonen». Demografisk informasjon finn vi mellom anna i offentlege statistikkar.

Finn demografisk informasjon hos Statistisk Sentralbyrå (ssb.no)

Demografisk segmentering betyr å dele marknaden inn i grupper på grunnlag av variablar som alder, kjønn og inntekt, for å nemne nokre. Sidan det ofte er ein nær samanheng mellom demografiske variablar og bestemte ønske og behov, er dette kanskje den vanlegaste måten å segmentere ein marknad på. Til dømes er det sjølvsagt at aldersgruppa seks til tolv år er eit viktig segment å satse på i fotballkortmarknaden, medan produsenten neppe bruker mykje ressursar på å kommunisere med foreldra til målgruppa.

Lett å måle

Demografisk informasjon har den fordelen at han er relativt lett å talfeste, og dermed blir det også enkelt å bruke han statistisk. Nedanfor ser du nokre døme på korleis dei ulike kategoriane kan delast opp i undergrupper:

  • Alder
    under 6, 6–11, 12–19, 20–34, 35–49, 50–64, 65 og over
  • Kjønn
    kvinne, mann
  • Sivil status
    gift, sambuar, einsleg
  • Familiestorleik
    1–2, 3–4, 5–6, over 6
  • Familietype
    ektepar med barn, ektepar utan barn, sambuarpar med barn, annan familietype
  • Inntekt
    under 150 000, 150 000 – 200 000, 200 000 – 300 000, osb.
  • Yrkesgrupper
    heimearbeidande, studentar, sal og serviceyrke, bønder og fiskarar, industrioperatørar, akademiske yrke osb.
  • Utdanning
    grunnskule, vidaregåande skule, fagutdanning, universitet/høgskule osb.
  • Nasjonalitet
    norsk, svensk, dansk, fransk, amerikansk osb.
  • Religion
    katolikk, protestant, muslim, jøde osb.
Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017