Sikkerheit og datablad i bedrift
Undersøk helsefaren i ei bedrift
I yrkeslivet vil fagarbeidarar jamleg arbeide med stoff og materiale som kan vere farlege. For å unngå helseskade er bedriftene pålagde å følge eigne forskrifter for helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Bedriftene skal ha eigne HMT-system som legg fast reglar og rutinar for forsvarleg sikkerheit og arbeidsmiljø for dei som arbeider i bedrifta. Systema skal òg hindre at det oppstår forureining og skadar på miljøet utanfor bedrifta.
Film Kva er HMS? (1:17)
Før bedriftsopphaldet
Set deg inn i HMT-forskriftene som gjeld for bedrifta/bransjen du er i, og sjå nærmare på kva utfordringar som kan oppstå viss kjemikal kjem ut i naturen. Finn fram ei oversikt over symbol som blir brukte til merking av stoff og kjemikal, og set deg inn i kva symbola betyr.
Symboloversikta skal du legge ved rapporten. Beskriv i tillegg kortfatta korleis miljøgifter opptrer i næringskjedene.
Aktuelle spørsmål
- Kva er den største sikkerheitsutfordringa i bedrifta/bransjen?
- Kva er dei største utfordringane i arbeidsmiljøet?
- Kva er dei største utfordringane når det gjeld forureining av det ytre miljøet?
- Kva krav gjeld om eit stoffarkiv?
E-forelesning om sikkerheitsdatablad (4:26)
Under opphaldet
Aktuelle punkt
- Lag ei oversikt over kjemikal og farlege stoff som er i bruk i bedrifta, og noter korleis stoffa blir oppbevart.
- Kva for rutinar finst for handtering av avfall?
- Finn fram til kvar bedrifta har sikkerheitsutstyret som skal brukast viss uhellet er ute.
- Lag ei kort beskriving av sikkerheitsutstyret og kva funksjon det har.
Aktuelle spørsmål
- Kva rutinar finst for handtering av farlege stoff?
- Finst det eit stoffarkiv i bedrifta?
- Kva slags sikkerheitsutstyr finst i bedrifta?
Beskriving av enkeltstoff
Ta for deg ein av dei viktigaste kjemikala som er i bruk i di bedrift. Bruk stoffarkivet eller Internett for å finne informasjon om kjemikalet. Lag ei kortfatta beskriving av stoffet og ta med desse punkta:
- kjemisk nemning
- kjemisk samansetjing og molekylformel
- dei viktigaste faremomenta dette stoffet har for miljø og helse
- bruksområde
- reglar for bruk og særlege sikkerheitstiltak ved bruk
- førstehjelp/behandling ved uhell
- krav til handtering og oppbevaring
Tips
Bruk malen for databladsamandrag til å systematisere opplysningane. Bruk kamera for å dokumentere arbeidet i bedrifta.
Etter opphaldet
Aktuelle punkt
Samanfatt arbeidet med sikkerheit og datablad i ein rapport. Bruk gjerne ressursen med interaktiv rapportmal.
Legg ved ei oversikt over faresymbol i tillegg til databladsamandraget.
I erfaringsdelen skal du vurdere kva skadar kjemikalet du har sett nærmare på, kan påføre både arbeidsmiljøet og det ytre miljøet.
Kom med forslag til konkrete forbetringar av systemet! Nemn tre forslag i prioritert rekkefølge, og grunngi kvifor du valde desse tre.
Aktuelle spørsmål
- Er rutinane i bedrifta i tråd med HMT-reglane vi har i dag, når det gjeld sikkerheit og kjemikalhandtering?
- Fanst det sikkerheitsutstyr tilgjengeleg viss uhellet skulle vere ute?
- Kva var bra? Kva kan bli betre?