Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Brannteori

Branntrekanten viser kva for element som må vere til stades for at det skal oppstå ein brann. For å sløkke ein brann må minst eitt av elementa i branntrekanten fjernast.

Branntrekanten

Desse tre elementa må vere til stades for at det skal oppstå ein brann:

  • brennbart materiale
  • tilstrekkeleg varme
  • nok tilgang på oksygen

Brannforløp

Eit brannforløp kan delast inn i tre fasar:

  • brannutvikling

  • fullt utvikla brann

  • avkjøling

Ved temperaturar på cirka 600 °C tek dei brennbare gassane i eit brannrom fyr, og vi får det som blir kalla overtenning. Illustrasjonen ovanfor viser eit vanleg brannforløp med overtenning og moglege brannforløp utan overtenning.

Ein brann startar med ei påtenning, ofte som følge av feil på eit elektrisk anlegg. Kor lang tid det tek før brannen får overtenning og blir ein fullt utvikla brann, er avhengig av tilgangen på brennbart materiale og oksygen. Ofte varer brannutviklingsfasen i 5–10 minutt.

Hugs å tenke på eigen tryggleik og tryggleiken til andre, og sørg for at de kjem dykk i tryggleik i god tid før bygningen eventuelt blir overtent. Fullt utvikla brann er ein jobb for brannvesenet.

Det er i starten av brannutviklingsfasen vi sjølve kan prøve å sløkke brannen. I den relaterte artikkelen kan du lese meir om korleis du kan sløkke små brannar.

Finn ut

Gå inn på brannstatistikk.no og finn ut

  • talet på omkomne i brannar hittil i år

  • kva for ein månad det brenn mest

  • kor ofte det er bustadbrannar i kommunen din

  • kva slags bygningar det brenn i

  • kva slags type installasjonsutstyr brannen starta i

Kjelde

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). (u.å.). Brannstatistikk. Henta 23. februar 2026 frå https://brannstatistikk.no/

Relatert innhald

Sløkkjemiddel

På arbeidsplassar finst det ulike sløkkjemiddel. Det er viktig at du har god kunnskap om kva sløkkjemiddel som er eigna til ulike typar brannar.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 24.02.2026