Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Analyser din eigen kommunikasjonsstil

Måten du kommuniserer på, følger gjerne eit bestemt mønster – ein kommunikasjonsstil. Kommunikasjonsstilen er påverka av ulike sider ved personlegdommen din og kven du kjenner at du høyrer saman med sosialt. I desse oppgåvene skal du reflektere over korleis du og andre kommuniserer.

Oppgåve 1

Sjå psykolog Helga Myrseth si videoforelesning (lengde 6:21) om personleg kommunikasjon og kommunikasjonsmodellen Joharis vindauge. Noter viktige stikkord undervegs.

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Etter å ha sett forelesninga bør du kunne svare på desse spørsmåla:

  • Kva er grunnbetydninga av ordet "kommunikasjon"?
  • Kva for føresetnader må vere til stades for å oppnå god kommunikasjon?
  • Kva ligg i omgrepet "vårt offentlege sjølv"?
  • Kva ligg i omgrepet "vårt løynde rom"?

Oppgåve 2

Joharis vindauge

Firefeltsskjemaet Joharis vindauge vart utvikla på 1950-talet av psykologane Joseph Luft og Harrington Ingham.

  • Feltet ope representerer informasjon om deg sjølv som både du og andre veit.

  • Feltet løynt står for det som berre du veit om deg sjølv.

  • Feltet blindt illustrerer det andre veit om deg, men som du ikkje veit sjølv.

  • Feltet ukjent står for det som er ukjent både for deg selv og andre.

Bruk Joharis vindauge til å analysere din eigen kommunikasjonsstil. Ver ærleg mot deg sjølv.

  • Er du ein open person, ein spørjande person, ein synsar eller ein musling?

  • Beskriv kommunikasjonsstilen din i møte med venner, familie og i sosiale medium.

  • Kva for kommunikasjonsstil ønsker du eigentleg å ha?
  • Kva for sider av deg sjølv må du, ifølge Joharis vindauge, utvikle for å endre kommunikasjonsstilen din?

Oppgåve 3

Sjå Mathias Askelands kortfilm Boks (lengde 6:40) frå 2015.

Jobb først saman to og to.

  • Beskriv kva som kjenneteiknar kommunikasjonsstilen til kvinna i filmen og kva som kjenneteiknar måten mannen kommuniserer på.

  • Er det dårleg kommunikasjon som gjer at det oppstår konflikt, eller kan det vere andre grunnar til det?

Diskuter deretter i klassen:

  • Er det sant at det er forskjell på måten gutar og jenter kommuniserer på?

  • Del erfaringar og reflekter over korleis måten vi kommuniserer på kan påverke dei relasjonane vi har til andre.

Relatert innhald

Personleg kommunikasjon

Personleg kommunikasjon er kommunikasjon mellom to eller fleire personar som er i direkte kontakt med kvarandre.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 05.02.2025