Vatn - Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vatn

Utan vatn kan ikkje dyra ta opp næringsstoffa frå fôret. I tillegg inngår vatn i svært mange av kroppsfunksjonane til dyra våre, som transport, fordøying og temperaturregulering.

Vatn er eit polart løysemiddel

Vassmolekylet er bygd opp av to hydrogenatom og eit oksygenatom. Utover har vassmolekylet ladningar som verkar på andre molekyl i nærleiken. Vi seier at vassmolekylet er polart.

Vanleg bordsalt (NaCl) består av positive natriumion og negative kloridion. Når salt blir blanda i vatn, vil vassmolekyla kunne trekke desse iona frå kvarandre og omringe dei. Vi seier at saltet har blitt løyst i vatn.

Eit polart stoff som vatn kan løyse opp andre polare stoff: Likt løyser likt. Vatn er derfor eit godt løysemiddel for andre polare stoff.

Vatn i kroppen

Utan vatn kan vi ikkje ta opp næringsstoffa frå maten, og vatn inngår i svært mange av funksjonane til kroppen, til dømes transport, fordøying og temperaturregulering.

Transport

Fordi vatn har evne til å løyse opp andre stoff, er det godt eigna til å transportere vassløyselege stoff som vitamin, protein, karbohydrat og ion () rundt om i kroppen. Vassløyselege avfallsstoff kan fjernast gjennom urin, som er vasshaldig.

Blodplasma er eit døme på ei vassløysing. I tillegg til vatn består blodplasma mellom anna av oppløyste protein, hormon og salta.

Vatn er eit kjølemiddel

Når kroppen blir varm, kan han bruke vatn som kjølemiddel. Når vi sveittar, piplar vatn ut gjennom porer i huda. Det trengst varme for å få sveitten til å fordampe. På denne måten får kroppen frigitt varme og held oppe ein normal kroppstemperatur.

Visste du at...

grisen ikkje har sveittekjertlar? Derfor er han avhengig av andre måtar å kjøle seg ned på når det er veldig varmt.

Væskebalanse

Kroppen mistar stadig vatn via urin og avføring, sveitte og pust. Vi må derfor passe på å få i oss nok vatn. Anbefalt mengde vatn er 2–2,5 liter per dag, men væskebehovet varier med fysisk aktivitet, klima, kroppsstorleik og helsetilstand. Ved store væsketap, som ved diaré, oppkast og sterk sveitte, aukar væskebehovet.

Vassbehov hos produksjonsdyr

Som hos oss menneske utgjer vatn omtrent 70 prosent av kroppsvekta for produksjonsdyr. Det trengst mykje vatn for å produsere mjølk og egg, så det er veldig viktig at mjølkeproduserande dyr og høner i eggproduksjon får nok vatn. Det er viktig med høg kapasitet, altså at vatnet renn fort nok. Viss vatnet renn for sakte, kan dyra slutte å drikke før dei har fått i seg nok til å dekke behovet. Vatnet må òg ha god kvalitet, så drikkekar og drikkeniplar må sjekkast og reingjerast kvar dag.

Visste du at...

ei mjølkeku treng 4–5 liter vatn for kvar kilo mjølk ho produserer? Det vil seie over 100 liter vatn i døgnet!

Oppgåver

Sjekk vassforsyninga til dyra i ei besetning du kjenner til.

  • Kva ulike drikkesystem finn du?

  • Sjekk kapasiteten ved å tappe vatn i ei bøtte i eit minutt og måle kor mange liter du fekk. Bruk tabellen under, og vurder om kapasiteten er bra nok.

  • Kva er det viktig å tenke på når det gjeld vassinntak viss dyra går ute heile året?

Normer for vassforsyningskapasitet
System og dyreslagKapasitet i liter/minutt
Drikkekar for kyr5–10
Drikkekar for ungdyr (storfe)3–5
Drikkeniplar for ungdyr (storfe)2–4
Store drikkekar for kyr i lausdrift 15–25
Smågrismeir enn 0,5
Slaktegris (45–100 kg)meir enn 1
Drektige purkermeir enn 1,5
Diegivande purkermeir enn 4
Sau og geitSkal ha kontinuerleg tilgang til vatn
Kjelder

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

OpenStax. (2013, 25. april). Body Fluids and Fluid Compartments. https://openstax.org/books/anatomy-and-physiology/pages/26-1-body-fluids-and-fluid-compartments

OpenStax. (2018, 28. mars). Water. https://openstax.org/books/biology-2e/pages/2-2-water

Skrive av Thomas Bedin, Asle Holthe, Unni Kulhuset Granheim og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023