Utmarksbeite

Kva er utmark?
Utmarka utgjer ein stor del av landet vårt, og ho består av skog, fjell og kystområde. Det vil eigentleg seie all natur som ikkje er dyrkamark eller er utbygd. Mykje av utmarka er eigd av privatpersonar, mellom anna bønder, som gjerne har lange tradisjonar for å sende dyra sine på beite i utmarka om sommaren.
Viktige beiteressursar
Utmarksbeite er framleis ein veldig viktig del av fôrgrunnlaget i norsk jordbruk, og dyra haustar gras og urter som svarer til ein verdi på omtrent ein milliard kroner kvar sommar!
Det er flest sauar i utmarka, men både storfe, geiter, hestar og tamrein bruker store delar av sommaren på ferie i fjellet og skogen. Dei siste åra er det òg nokre bønder som har begynt å sende griseflokken på utmarksbeite.
Lov om friluftslivet (friluftslova)
Allemannsretten står sterkt i Noreg, og han gir mellom anna alle rett til å ferdast fritt i utmarka basert på føresegnene i friluftslova.
Dyr som beiter i utmarka
Når vi ferdast i naturen, er det stor sjanse for at vi møter på både sauer, geiter og storfe som anten er inngjerda eller går fritt i utmarka. Då er det viktig at alle oppfører seg på ein måte som ikkje forstyrrar eller skremmer dyra. Alle må òg vere klar over at dyra kan gå til angrep for å forsvare seg viss dei kjenner seg trua. Derfor er det alltid best å halde avstand!

Konfliktar og utfordringar
For deg som har dyr i utmarka, er det viktig å vite at dyra dine kan ferdast trygt i beiteområdet. Du kan aldri vere heilt sikker på at dyra ikkje skadar seg i løpet av sommaren, men alle bønder ønsker å gjere risikoen så låg som mogleg.
Når det oppstår konfliktar, er det ofte i samband med lause hundar og rovdyr, men det kan òg vere konfliktar mellom næringsinteresser.
Trafikk og utbygging
Mange beiteområde ligg i populære turistområde med stor trafikk av både gåande og køyrande. Fleire riksvegar går gjennom fjellområda våre, og mange kommunar har lagt til rette for hytteutbygging i område som elles er viktige for beiting. Slike tiltak, anten dei er statlege eller kommunale, kan føre til konfliktar knytte til rettar og bruk av beiteområde. Spesielt utbygging av hyttefelt i eksisterande beiteområde har vore ei gjentakande årsak til ueinigheit, og dette er ei utfordring i fleire delar av landet.
Rovdyr
I Noreg ønsker vi å ta vare på mangfaldet i naturen, noko som mellom anna inneber vern av rovdyr. Regjeringa har sett mål for kor mange ungekull vi skal ha kvart år av gaupe, jerv, ulv, brunbjørn og kongeørn. I enkelte område har denne politikken ført til store konfliktar, både mellom bønder og forvaltingsorgan og mellom bønder og naturvernarar.
Hundar
I hundelova står det at alle hundeeigarar skal unngå at hunden blir sett i ein situasjon der han kan gjere skade på folk, dyr, eigedom eller ting. Viss du eig ein hund, skal du òg sørge for at hunden eller hundehaldet ikkje er til urimeleg ulempe for folk, dyr, miljø eller andre interesser. Samtidig skal du sikre tryggleik for hunden, folk og andre dyr ved å halde hunden under forsvarleg tilsyn og handtere han på ein slik måte at han får dekt individuelle behov.
Bandtvang
I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund bli halden i band eller vere forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at ikkje han kan jage eller skade husdyr, tamrein eller viltlevande dyr og reir, bu eller hi.
Visste du at ...
Kommunen kan fastsetje eigne reglar for bandtvang i heile eller delar av året? Veit du kva reglar som gjeld i kommunen din?
Oppgåver
Kva utmarksressursar kjenner du til i området ditt? Finn ut om det er mange dyr på utmarksbeite i kommunen din eller i fylket ditt.
Kva fordelar og ulemper ser du med bruk av utmarksbeite?
Er det nokre konfliktar knytte opp mot utmarksbeite der du bur? Diskuter moglege løysingar på konfliktane med resten av klassen.
Finn ut kva reglar som gjeld for bandtvang i kommunen din.
Relatert innhald
Allemannsretten, som er regulert av friluftslova, gir deg rett til å ferdast fritt i naturen. Her får du vite meir om både rettar og plikter.
Her kan du sjå filmen «Beite og kulturlandskap» og gjera oppgåver knytte til filmen.

