Fulldyrka beite

Fulldyrka beite
Med fulldyrka beite meiner vi areal som blir pløgde med jamne mellomrom. Slike areal kan òg brukast til andre vekstar som korn eller potet. Vi kan skilje mellom to typar fulldyrka beite:
fleirårig eng der vi ofte kombinerer beiting og slått
grønfôrbeite der vi dyrkar eitt- eller toårige vekstar som blir dyrka som åkervekstar. Her kan det òg vere ein kombinasjon av slått og beite.
Det er ofte mjølkekyr og dessutan sauar på vår- og haustbeite som beiter på fulldyrka areal. Areala ligg vanlegvis nært fjøset, og fôrkvaliteten er normalt høgare enn på utmarks- og kulturbeite.
Kva artar skal vi dyrke på eit fleirårig beite?
På fleirårige beite må vi velje artar ut frå om arealet berre skal beitast, eller om vi skal kombinere slått og beite.
Areal som berre blir brukte til beite
På areal som berre blir brukt til beite, ønsker vi stor del av artar som
smakar godt
toler hyppig nedbeiting
har stor evne til busking, det gir tett plantebestand
dannar blad framfor strå og blomster
set overjordiske utløparar som slår rot, for dei kan fylle opningar i plantebestandet etter tråkkskadar
Typiske beiteartar
Areal der vi kombinerer slått og beite
Å kombinere slått og beite på fulldyrka jord er vanleg. Nokon vel å bruke enga berre til slått dei første to–tre engåra, åra etter let dei mjølkekyrne beite etter at første- og kanskje andreslåtten er teken. Fordelen med ei slik løysing er at du får mindre tråkkskadar på ei eng som har stått eit par år enn på ei nyanlagd eng. I tillegg minkar avlinga utover engåra, det betyr at du får teke ut dei potensielt store slåtteavlingane frå dei første engåra
På sauebruk kan du òg bruke enga til slått eit par år, deretter blir det slått og haustbeite. Det er òg aktuelt med vårbeite, ein slått og haustbeite.
Skal du bruke ei fleirårig eng til kombinert slått og beite, bør du ha innslag av beitetolande artar, viss ikkje vil avlingsnivået søkke mykje i beiteåra. Mest aktuell er engrapp fordi han òg gir relativt store slåtteavlingar. Kvitkløver er aktuell å ta med i blandinga.

Frøblandingar
Anten arealet berre skal beitast eller ha kombinert slått og beite, bør vi velje ei blanding av artar. Artane har ulike eigenskapar og utfyller kvarandre. Til dømes vil nokon artar etablere seg raskt, mens andre kanskje bruker eit år på å etablere seg. Andre døme på variasjon mellom artar er avling, varigheit i enga og fôrkvalitet.
Dei som sel jordbruksfrø har eit godt utval av ferdige frøblandingar som eignar seg til beite eller til slått og beite.
Beitetype | Grasartar |
|---|---|
| Fleirårig beite | timotei, engsvingel, engrapp, raudsvingel, engkvein, kvitkløver |
| Kombinert slått og beite | timotei, engsvingel, engrapp, kvitkløver, raudkløver |
Grønfôrbeite
Grønfôr blir dyrka som ein eittårig åkervekst sjølv om artane kan vere både eitt-, to- eller fleirårige. Artane er ofte energirike og rasktveksande, og eit grønfôrbeite kan vere eit godt alternativ når det fleirårige beitet søkk i både avling og kvalitet utover hausten. Både mjølkekyr og sauar kan beite på grønfôr.
Vanlege grønfôrartar brukte i beite
Oppgåve
Er påstandane sanne eller usanne?







