Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Fôring og stell av sau

Fagstoff
Video

Sauesanking

Om sommaren blir sauane sleppte på utmarksbeite, ofte i fellesskap gjennom beitelag. Med GPS, gjetarhund, walkietalkie og godt utstyr blir både beitesesongen og sankinga enklare. Samarbeid er eit godt utgangspunkt for å få sauane trygt heim igjen.

Utmarksbeite

Dei fleste sauebøndene slepper sauane sine i utmarka om sommaren. Kor tidleg sauane blir sleppte, kjem an på kvar du bur i landet, og vekstforholda for beiteplanter i utmarka der du bur. Utmarka kan vere både på kysten, i skogen og på fjellet.

Beitelag

Det er vanleg at fleire bønder er organiserte i beitelag og slepper sauane sine i dei same felles beiteområda. Ein fordel med å vere med i eit beitelag er at de kan dele på oppfølging og tilsyn med dyra gjennom beitesesongen. Det er òg ein fordel å kunne samarbeide om sauesankinga.

Elektronisk sporing

For å ha litt kontroll på kvar sauane dine held seg gjennom beitesesongen, kan du bruke GPS-sporing. Sauane blir då utstyrte med ei digital "bjølle" som sender informasjon til ein app på telefonen din. Desse "bjøllene" er som regel utstyrte med solceller, slik at dei ikkje går tomme for straum i løpet av beitesesongen. Det finst mange firma som tilbyr sporingsprodukt, til dømes Telespor, Gjetargut, Nofence og Findmy.

Sankedagen

I forkant av sankinga er det lurt å sjekke omtrent kvar sauane er i terrenget. Dette er ein enkel jobb viss du har GPS-sporing på dei. Utan sporing kan det vere litt meir utfordrande, men ein erfaren sauebonde vil uansett vite omtrent kvar dyra går, basert på kunnskap om beitet og korleis dyra oppfører seg i ulike vêrforhold. Det er òg nokon som bruker dronar for å lokalisere dyra.

Gjetarhund

Ein god gjetarhund er til stor hjelp i sauesankinga, men det krev mykje trening og oppfølging før hunden kan godkjennast som gjetarhund. Med ein flink gjetarhund kan du spare både tid og krefter på sankedagen. Gjetarhunden kan òg hjelpe deg på andre tider av året, når du treng å flytte eller sortere sauane.

Viss du har planar om å skaffe deg ein gjetarhund, bør du ta kontakt med ein gjetarhundrådgivar i Norsk Sau og Geit (NSG). Du finn òg mykje informasjon om kva som krevst av ein god gjetarhund, på nettsidene til NSG.

Organisering av sankelag

Utan gjetarhund er du nesten avhengig av å ha mange gode hjelparar på sankedagen, og derfor er beitelaga viktige. Det er vanleg å avtale ein eller fleire felles sankedagar, sånn at dei som deltek på sankinga, kan dekke eit så stort område som mogleg og få med seg så mange sauar som mogleg.

Alle som deltek på sanking, bør vere med på ei felles oppdatering på starten av dagen, sånn at alle veit kvar dei skal gå, og korleis dei skal oppføre seg ute i terrenget.

Walkietalkie

For å halde kontakten med dei andre sankarane kan det vere nødvendig å bruke walkietalkie eller jaktradio. Dette er eit viktig hjelpemiddel, spesielt i dei områda som ikkje har dekning for mobiltelefon.

Kikkert

For å kunne oppdage og lokalisere kvar sauane går, er det lurt å ha med seg ein kikkert. Du kan òg hjelpe andre på sankelaget med å observere dyr dei er i nærleiken av, så dei klarer å få dei med seg. Ofte er sankarane spreidde over eit stort område og kanskje på kvar si side av eit dalsøkk eller ei elv. Då er det kjekt at nokon på den andre sida av dalen kan bruke kikkerten og leie deg på rett spor.

Val av klede

Det er viktig å sjå og bli sett for å sikre at alle held seg "på linja" og ikkje går for nær eller for langt unna dyra under sankinga. Refleksvest eller jaktantrekk er godt eigna for å sikre god kommunikasjon i arbeidet. Viss du skulle vere uheldig og komme bort frå dei andre eller skade deg så du blir liggande hjelpelaus, er det ei god forsikring å vere godt synleg.

Elles er det alltid viktig å ha sko eller støvlar som eignar seg og kle seg etter vêrforholda. Tørre skifteklede i sekken og nok mat og drikke til å halde ut heile dagen må du òg ha med deg. Hugs at vêret fort kan forandre seg i fjellet!

Når sauane kjem ned

Det er vanleg å drive sauane ned til eit område der dei kan samlast før dei blir køyrde heim. Her kan dei gjerne sorterast i eigne bingar for kvar eigar.

Sanketrø

Ei sanketrø er eit område som er gjerda inn slik at du har kontroll på sauane når dei kjem ned frå utmarka. Ofte er sanketrøa i enden av ei innsnevring på vegen der du driv sauane, slik at dei ikkje kan stikke av før du får tak i dei.

Veging

Nokre sankelag har òg ordna seg slik at sauane passerer ei vekt før dei blir slusa inn i rett binge. Med ei digital vekt og avlesing av øyrenummeret til sauane kan vekta bli registrert direkte inn i Sauekontrollen. Dette er husdyrkontrollen til dei norske saueprodusentane som dannar grunnlaget for avlsarbeidet på sau.

Film om sauesanking (6:19)

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Oppgåver

1. Utmarksbeite og ressursbruk

Beskriv kvifor utmarksbeite er ein viktig ressurs i norsk landbruk. Diskuter kva fordelar og utfordringar det gir for både bønder og dyr.

2. Samarbeid i beite- og sankelag

Forklar kvifor beitelag og sankelag er viktige i samband med bruk av utmarksbeite. Drøft korleis samarbeid kan bidra til betre dyrevelferd og betre lønnsemd i drifta.

3. Rolla til gjetarhunden

Finn ut kva som trengst for å få godkjenning for bruk av gjetarhund. Kva hunderasar er mest brukte som gjetarhundar, og kva eigenskapar hos desse rasane er det som gjer at dei eignar seg til jobben?

4. Førebuingar og sikkerheit

Lag ei oversikt over kva førebuingar som er viktige før ein sankedag. Tenk på utstyr, klede, organisering og sikkerheit, og grunngi kvifor kvart punkt er viktig.

5. Teknologi i sauehaldet

Vurder korleis GPS-sporing og dronar kan forandre måten bønder driv sanking på. Kva er fordelane og ulempene ved dette samanlikna med tradisjonelle metodar?

Kjelder

Animalia. (2025, 27. juni). Sauekontrollen. https://www.animalia.no/no/dyr/husdyrkontrollene/sauekontrollen/

Norsk Sau og Geit. (u.å.). Ny med gjeterhund. Henta 29. september 2025 frå https://www.nsg.no/gjeterhund/ny-med-gjeterhund/

Relatert innhald

Utmarksbeite

Bruk av utmarksbeite gir frisk luft og mosjon for dyra, utnyttar utmarka effektivt og produserer berekraftig mat, men det kan òg gi nokre utfordringar.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 01.10.2025