Saueklipping

Når skal du klippe?

Sauar skal klippast minst ein gong i året, og oftare ved behov. Dei fleste klipper sauane to gonger i året, etter innsett om hausten og i god tid før lamminga startar om våren. For at ulla skal ha god kvalitet, må ho vere rein og tørr når du skal klippe.
Haustklipping
Klippetida om hausten varierer ein del med kvar du bur, men det er vanleg å klippe sauane etter innsett, før paringa startar.
Lam som skal sendast rett til slakt om hausten, skal du ikkje klippe, fordi det er større fare for at det blir med uønskte bakteriar eller andre smittestoff til slakteriet.
Visste du at ...
På nye slakteri er det vanleg å klippe lam og sau etter at dei er avliva? Det blir kalla linjeklipp og skal sikre at skrotten er heilt rein før dyret blir sendt vidare i slaktelinja.
Vårklipping
Det viktigaste å hugse på her er at du må klippe sauane i god tid før lamminga startar, helst 7–8 veker før. Grunnen til at du ikkje skal klippe søyene for nær lamminga, er at stress og handtering seint i drektigheita aukar faren for feilstillingar på lamma. Det er òg større fare for drektigheitsforgifting og andre sjukdommar hos søyene viss du klipper dei for nær innpå lamminga.
Heilårsull
Viss du har sauar som går ute heile året, er det eit alternativ å berre klippe dei om våren. Her i landet må du alltid klippe sauane om våren viss du skal klippe berre éin gong i året. Det er både fordi dei treng meir ull om vinteren, og fordi lang ull som sit på sauane utover sommaren, vil filtre seg saman. Dette er ubehageleg for sauen, og ulla blir òg verdilaus for deg som bonde fordi ho ikkje har god nok kvalitet.
Førebuingar
Du bør ikkje fôre sauane dei siste 12 timane før dei skal klippast, fordi dei skal sitje på rumpa under klippinga. Når dei sit sånn, blir det stort press på mellomgolvet viss vomma er full, og dyra blir urolege fordi dette er ubehageleg. Og urolege og stressa sauar aukar risikoen for sår og skadar, samtidig som klippinga tek lenger tid.
Underlag
Som klippeunderlag er det fint å ha ei trefiberplate som ligg godt på golvet. Sånne plater har ei overflate som er god å stå på, og det er best for både sauane og klipparen. Det er ikkje tilrådd å stå på betonggolv eller strekkmetall når ein klipper sau, for harde underlag gjer stor skade på knivane viss ein mistar klippehovudet under arbeidet. Hardt underlag slit òg meir på kroppen.

Arbeidsklede
Saueklipping er hardt arbeid, og det er viktig å bruke klede og sko som fungerer godt.
Klippesko

Det er viktig å ha god kontakt med sauane når du skal klippe dei, derfor bruker profesjonelle saueklipparar alltid klippesko. Dette er ein slags tøflar av filt eller lær som gjer at du kjenner rørslene til sauen, og du kjenner det med ein gong om du skulle vere så uheldig å trakke på halen eller beinet til sauen. Sånn kan fottøyet hjelpe deg med å hindre rømmingsforsøk eller sparking. Klippesko av filt held òg godt på varmen, samtidig som dei slepper ut fukt.
Bukse og belte
Klippebuksa er ganske høg i livet og består av tre stofflag for å unngå at det kjem lanolin inn på kroppen. Det er òg best om buksa er formsydd, sidan du må bevege deg mykje når du klipper sau. Eit elastisk belte hjelper deg med å halde buksa på plass, sånn at du slepp å stoppe for å heise ho opp når du jobbar.
Lanolin
Lanolin er eit feittstoff i ulla. Det blir skild ut av talgkjertlar. Lanolinen i ulla verkar isolerande og gjer at sauane held seg tørre sjølv om dei er ute i fuktig vêr. Når du handterer sau, vil du få dette feittet på hender og klede, og viss du får mykje lanolin på deg, kan det begynne å klø.
Overdel
Mange saueklipparar bruker singlet fordi det er hardt arbeid å klippe sau, og det blir for varmt å ha på T-skjorte eller ein langerma overdel. Viss det er under ti varmegradar i fjøset når du skal klippe, kan det likevel vere lurt å bruke ein overdel med lengre erme.
Klippeplassen
Før klippedagen kjem, må du tenke gjennom korleis du skal få best mogleg flyt i arbeidet. Saueklipparen skal konsentrere seg om klippinga og skal ikkje bruke tid på å hente eller setje på plass sauane. Derfor må det vere minst éin person som kan hente sauar til kvar klippar, mens saueklipparen kan sende frå seg dei ferdigklipte sauane til ein binge rett bak seg.
Smittevern
Sidan profesjonelle saueklipparar som regel reiser rundt frå fjøs til fjøs, er det òg best om dei står på ein fast plass. Då reduserer du faren for at dei spreier smitte mellom besetningane.
Ullhandtering
Før klippinga startar, er det viktig å plukke bort rusk og rask og klippe bort merkefarge eller anna forureining som heng fast i ulla.
I tillegg til at du treng nokon til å hente sauar under klippinga, bør du òg ha ein person til å handtere ulla. Ulla skal sorterast etter kvalitet:
Lår- og bukull skal skiljast ut og sorterast i eigne sekkar saman med rein ull frå halen. Denne ulla har ikkje så god kvalitet som fellulla, men kan likevel brukast.
Fellulla er ulla frå resten av kroppen og har den beste kvaliteten. Ho blir òg sortert i eigne sekkar.
Farga ull skal ikkje ligge saman med kvit ull.
Urinbrunnen og skiten ull skal heller ikkje ligge saman med rein ull. Er det møkk i ulla, skal ho kastast.

Levering av ull
Det er lokallaga i NSG som organiserer innsamling og levering av ulla, i samarbeid med stasjonane som tek imot ull. Det er Norilia og Fatland Ull Hud & Skinn AS som har avtale om ullmottak.
Visste du at ...
Det òg finst nokre lokale spinneri som tek imot ull rundt omkring i landet? Kanskje du kjenner til nokon i nærleiken av der du bur?
Oppgåver
Vel rett alternativ.
Relatert innhald
Nettside hos medlem.nortura.no
Nettside hos nsg.no