Potetsortar - Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Potetsortar

For potetdyrkaren er det mange ulike potetsortar å velje blant. Nokre sortar har kort veksttid, andre har lang. Nokre har god motstandskraft mot sjukdom, mens andre gir stor avling. Det kjem stadig nye og betre sortar på marknaden, så korleis jobbar foredlarane når dei skal lage ein ny sort?

Potetsortar

Det blir utvikla stadig nye potetsortar. Dei nye sortane kan gi større avling, vere sterkare mot sjukdom eller tole lagring betre enn gamle sortar. Trendar i folket påverkar òg utviklinga av nye sortar. I dag vil dei fleste ha faste poteter, tidlegare var dei mjølne potetene mest populære. Slike trendar må potetforedlarane ta omsyn til om dei vil utvikle ein populær sort.

Sortane vi dyrkar, kan vere foredla fram her i Noreg eller utanfor Noregs grenser. Dei sortane som har opphav i utlandet, har ein lang testperiode her i landet før dei blir godkjende av Mattilsynet for dyrking hos oss.

Korleis blir ein ny potetsort laga?

I 1920 vart den første norske potetsorten foredla fram. Sorten vart kalla åspotet, og sidan den gong har 25–30 nye potetsortar blitt utvikla her i landet. Nokre av sortane forsvinn etter få år fordi betre alternativ blir foredla fram, mens andre sortar held stand i mange, mange år. Men korleis lagar dei ein ny sort?

Det heile startar med kryssing av to sortar med eigenskapar dei vil ha med i ein ny sort. Dette kan til dømes vere resistens mot ein sjukdom eller høg avling. Frøa frå denne kryssinga blir altså heilsøsken, men genetisk ulike, slik som heilsøsken hos menneske.

Frøa frå kryssinga blir sådde i veksthus, og etter tre til fire månader har desse plantene fått dei første potetknollane sine. Desse knollane blir sette ut i åkeren og produserer nye knollar som blir med i vidare testing dersom

  • dei er jamne i storleik

  • dei ser fine ut i fasong og skal

Dei knollane som ikkje blir vraka på grunn av utsjånaden, blir no testa grundig. Det blir sjekka om

  • dei er fri for sjukdom

  • dei er fri for virus

Siste test er kva potetsorten eignar seg best til, om det er som matpotet, til pommes frites, til baking eller til potetgullproduksjon. Blir poteta misfarga ved koking, er det inga god matpotet. Blir ho mørk ved fritering, er ho ikkje eigna til pommes frites eller potetgull. Smaken blir òg testa.

Dersom avkom etter nokon i søskenflokken vi starta med, har komme seg gjennom alle testar og ser ut til å eigne seg til til dømes potetgullproduksjon, blir dei lagde ut i forsøk fleire stader i landet og over fleire år. Her blir det mellom anna undersøkt om

  • dei gir god nok avling

  • dei har god nok lagringsevne

Går dette bra, kan vi ha fått ein ny sort, kanskje 10–15 år etter at søskenflokken såg dagens lys.

Kva skil dei ulike sortane?

Farge

Dei fleste potetsortane har raudt eller kvitt skal, men nokre er òg blålilla i skalet. Innvendig er dei fleste kvite eller lysegule med eller utan innslag av rosa. Er skalet blått/lilla, får poteta meir eller mindre innslag av same farge innvendig.

Form

Sortane kan vere ganske ulike i form. Vi beskriv forma som rund, oval eller lang. Mange sortar har likevel ei form som er ein mellomting mellom desse, og kan til dømes beskrivast som oval rund.

Knollstorleik

Knollstorleik blir vanlegvis målt som diameter på potetene. Men dette fungerer dårleg på sortar som er avlange, til dømes mandelpoteta, der blir vekt brukt. Det er storleikskrav til matpotetene vi får kjøpt i butikken, både kor store dei er, og at dei skal vere nokolunde jamstore.

Smak

Mange synest kanskje at alle poteter smaker det same, men det er faktisk ganske stor forskjell viss vi har ulike sortar framfor oss.

Tørrstoffinnhald

Tørrstoff er alt poteta inneheld utanom vatn. Innhaldet av tørrstoff ligg vanlegvis mellom 16 og 30 prosent, og 60–80 prosent av dette er stivelse. Resten består av ulike sukkerartar, råprotein og mineral. Tørrstoffinnhaldet varierer mellom sortar, men òg med vekstvilkår, gjødsling og klima. Poteter som koker lett sund, har eit høgt tørrstoffinnhald.

Stivelsesinnhald

Fordi stivelse utgjer ein så stor del av tørrstoffet, vil variasjonen i stivelsesinnhaldet som oftast bestemme innhaldet av tørrstoff. Sukkerartane som blir danna i fotosyntesen, blir kopla saman til stivelse, og stivelsen blir lagra som opplagsnæring i potetknollen. Stivelse er ei av dei viktigaste energikjeldene i eit vanleg norsk kosthald. Potetmjøl er rein stivelse henta frå potet.

Veksttid

Som dyrkarar er vi opptekne av veksttida på potetene. Sortane er grupperte i tidlegpoteter, halvtidleg og halvsein/sein, men grensene er flytande og sortar kan plasserast mellom to grupper. Tidlegpotetene treng rundt tre månader frå setting til opptak, mens dei seine treng rundt fem månader. Dei som vil komme på marknaden veldig tidleg, dekker åkeren med plast etter setting for å unngå frost. Desse kan ta opp potetene i juni og få godt betalt.

Sjukdomsresistens

Dette er kanskje det foredlarane jobbar mest med no. Det er fleire potetsjukdommar som er utfordrande for næringa, og klarer dei å få fram sortar som er resistente mot dei verste sjukdommane, vil det spare potetdyrkarane for mange bekymringar. Det vil redusere bruken av plantevernmiddel, noko som er bra for miljøet og for lommeboka til potetdyrkaren.

Avlingspotensial

Avling er sjølvsagt viktig, vi får betalt for dei kiloa vi får selt. Ei gjennomsnittleg potetavling ligg på rundt 3–4 tonn per dekar, men dette varierer med sort, klima, vekstforhold og gjødsling.

Kjelder

Graminor AS. (u.å.). Poteter. Henta 18. januar 2024 frå https://graminor.no/utvikling-av-plantesorter/poteter/

Lande, B. og Svihus, B. (2023, 28. september). Stivelse. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/stivelse_-_ern%C3%A6ring

Norsk Landbruksrådgiving, Fagforum potet. (u.å.). Potetsorter. Henta 18. januar 2024 frå https://potet.no/product-page

Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Potet- og grovfôravlingar (tal frå 2021 og 2022). Henta 18. januar 2024 frå https://www.ssb.no/statbank/table/13648/

Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2024