Kulturbeite

Kulturbeite
Eit kulturbeite skil seg frå eit utmarksbeite ved at det blir stelt meir. Stellet inneber rydding av buskar og kratt, fjerning av stor stein, gjødsling og kanskje såing. Drenering kan òg vere aktuelt. Kulturbeitet blir verken pløgd eller hausta maskinelt, og dette skil denne typen beite frå det vi kallar fulldyrka beite.
Kulturbeita er ofte så kuperte eller bratte at det er vanskeleg å ta seg fram med traktor overalt. Då kan det vere lurt å lage nokre køyrevegar på beitet. Dette er spesielt nyttig under etablering, men òg etter at det blir teke i bruk av beitedyra.

Etablering av kulturbeite
Eit kulturbeite kan etablerast i skog eller anna utmark. Først bør du rydde bort det meste av buskar, kratt og stor stein. Skal du så inn frø i beitet, er det lurt å gjere dette rett etter rydding, for då er det opningar som gjer at frøa får lys og kontakt med jorda. Det aukar sjansane for at plantene spirer og etablerer seg i beitet. Engrapp, fleirårig raigras og kvitkløver er vanlegast å så i kulturbeite.
Deretter er det viktig å få gjerda inn området så raskt som mogleg sånn at du kan sleppe utpå dyra. Då unngår du at lauvkratt tek overhand før dyra kjem. Hugs at det kan vere lurt å sette igjen nokre tre slik at dyra finn skugge på varme soldagar.
Det er ofte behov for gjødsel dei første åra på eit kulturbeite. Bruk gjerne husdyrgjødsel om du har moglegheit for å spreie det på arealet, elles bruker du mineralgjødsel eller økologisk pelletert hønsegjødsel.

Stell av eit kulturbeite
For at eit kulturbeite skal halde god kvalitet over år, må du stelle det godt.
Det aller viktigaste er å behalde eit tett plantedekke. Under veldig blaute forhold bør du flytte beitedyra, spesielt store, tunge storfe. Under slike forhold blir det store trakkskadar og sår i plantedekket. Der spirer det som oftast ugras. Då søkk både avling og fôrkvalitet, og fôropptaket hos beitedyra går ned.
Sørg for at beitet ikkje står for lenge utan beitedyr, elles veks og utviklar plantene seg for langt. På eit beite bør plantene vere på bladstadiet, for når grasartane får strå og blomster, er dei ikkje like freistande for dyra. Dessutan blir trakka mykje ned.
I tillegg bør du årleg følge med på om det kan vere aktuelt å fornye beitet med å så, anten i heile beitet eller i delar av det. Du må sjølvsagt òg sørge for at gjerdet er intakt gjennom heile sesongen.
Ugras i kulturbeite
Her er ei oversikt over dei mest brysame ugrasartane i kulturbeite.
Oppgåve
Er påstandane sanne eller usanne?




