Kopling av hydraulikk og kraftuttak

Kopling av hydraulikk
Svært mange vogner og reiskapar har hydrauliske sylindrar som du kan styre frå førarplassen. Både gamle og nyare traktorar har oljeuttak med oljetrykk bak, så du kan betene dei når du står bak traktoren.
Dobbeltverkande hydraulikk
På traktoren er det to hokoplingar som verkar saman. Når du gir trykk på den eine, går oljen i retur gjennom den andre.
Når vogna eller reiskapen er kopla til trekkroken eller trepunktfestet på traktoren, skal hydraulikkslangane koplast til desse uttaka. Slangane har hannkoplingar og er ofte merkte med fargar slik at dei lett kan koplast rett til hokoplingane på traktoren. Nye traktorar har ofte "push and pull"-koplingar:
Trykk slangen inn for å kople til.
Dra slangen ut for å kople frå.
På eldre koplingstypar må vi først trykke inn ein låsering på hokoplinga for å opne låsen. Det gjeld både under tilkopling og fråkopling.

Kopling av kraftuttak, bremseslange og lys
Kraftuttaket (PTO) er ein tapp bak på traktoren, og der koplar vi til akslingen. Han overfører kraft frå traktormotoren til ein tilkopla kraftuttaksdriven reiskap eller ein tilhengar. Vi må til dømes kople på PTO-akslingen når vi bruker gjødselvogn.
Visste du at ...
PTO står for Power Take Off.
Tryggleik

Kraftoverføringsakslingar har eit vernedeksel av plast som må vere heilt, og ein kjetting på kvar side som skal festast til traktoren og reiskapen. Desse skal hindre at vernedekselet roterer.
Ved kopling av akslingar er det viktig å hugse å gjere følgande:
Stopp motoren.
Sett akslingen på PTO-tappen og skyv til det stoppar seg i låsen. Trykk inn låsen og skyv vidare inn til han låser seg.
Kontroller at kraftoverføringsakslingen sit fast ved å dra i han.
Set inn eventuell bremseslange og lysleidning til tilhengar eller reiskap til slutt.
Hydraulikkslangar og lysleidning
Klikk på biletet under for å gjere deg kjend med hydraulikkslangar og lysleidning.

