Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Griserasar

I Noreg har vi fleire griserasar med ulikt opphav og eigenskapar. Norsk landsvin og yorkshire er vanlege avlsgrisar, mens duroc og hampshire blir brukte som farrasar. Dei fleste slaktegrisar er resultat av kryssingar mellom rasar for å oppnå betre vekst og fruktbarheit.

Norsk landsvin

Det organiserte avlsarbeidet på norsk landsvin starta i 1963. Denne rasen har opphavet sitt i gamle norske grisar og slektningane deira i nabolanda våre. Norsk landsvin har lys hud og lang kropp, har god fruktbarheit og veks fort.

Yorkshire

Yorkshire stammar frå England, og dei første grisane av denne rasen kom til Noreg på 1800-talet. På midten av 1900-talet var det omtrent like mange yorkshiregrisar som norsk landsvin her i landet. Det er ikkje så lett å sjå forskjell på yorkshire og norsk landsvin, og dei fleste avlspurkene vi har i dag, er kryssingar av dei to rasane.

Visste du at ...

Dei store, lyse griserasane har eit felles engelsk namn: Large white?

Duroc

Denne rasen er eigentleg amerikansk og kom til Noreg rundt 1980. Duroc er raudbrune grisar som har litt kortare kropp og kraftigare bein enn landsvin og yorkshire. Sidan rasen har mykje intramuskulært feitt i ryggmuskelen, gir det kjøtt med god smak. Dette er ein av grunnane til at han vart importert til Noreg for å bli brukt som farrase i avlen.

Hampshire

Hampshire er ein svart gris med eit kvitt belte rundt bogpartiet. Det er eigentleg ein engelsk rase, men allereie frå 1825 vart nokre grisar eksporterte til USA frå Hampshiredistriktet i Storbritannia. No blir rasen rekna for å vere amerikansk fordi avlsarbeidet har gått føre seg i USA i mange år. Sidan han har så god kjøttfylde, blir han brukt som farrase. Hampshire har òg litt kortare kropp og kraftigare beinbygning enn dei kvite rasane, og han har større skinker (lår). Sidan 2005 har vi importert rasen frå Sverige for å bruke han som farrase i avlsopplegget hos dei private slakteria.

Mangalitza

Mangalitza (ullgris) stammar frå Ungarn og har ein tjukk og krøllete pels. Han er ganske hardfør og toler godt å bli oppstalla ute heile året så lenge han har ein tørr og trekkfri liggeplass og god tilgang til vatn gjennom vinteren. Han får færre enn ti ungar per kull, og ungane er avhengige av mora til dei er to til tre månader gamle. Han blir ikkje slaktemoden før han er rundt eit år gammal.

Visste du at ...

Namnet mangalica kjem frå det serbokroatiske uttrykket mangala svinija, som betyr "velfødd gris", eller frå variantane mangulica og mangulac, som begge kan omsetjast med "småfeit"? (Wikipedia, 2023).

Hybridar

Dei fleste slaktegrisane i verda er hybridar, det vil seie at dei er resultat av kryssingar mellom to eller tre rasar. Grunnen til dette er at vi vil utnytte det vi kallar heterois-effekten. Heterois blir òg kalla kryssingsfrodigheit, noko som betyr at dyra har mange ulike genvariantar i arvematerialet. Det gir som regel betre fruktbarheit og raskare tilvekst hos avkommet enn avl på reinrasa dyr.

Minigris

Minigris er heller ingen eigen rase, men resultat av kryssingsavl mellom små grisar. Vietnamesisk hengebuksvin er ein mykje brukt rase i sånne kryssingar, saman med andre småvaksne griserasar.

Ein minigris er ikkje nødvendigvis "mini" så lenge, sidan ein vaksen minigris kan bli opp mot 50 kg. Sidan dette er hybridar, er det svært sannsynleg at kullsøsken vil ha ulike gen og dermed utvikle seg ulikt og få ulik storleik som vaksne.

Ein minigris har dei same åtferdsmessige behova som andre grisar, og han eignar seg dårleg som "stovegris". Vi rår deg til å lese nøye gjennom Mattilsynets rettleiing før du eventuelt går til innkjøp av ein minigris.

Oppgåve

Flytt tekst og bilete til den griserasen som passar.

Kilder

Mangalitsasvin. (2023, 27. februar). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Mangalitsasvin

Mattilsynet. (u.å.). Veiledning om hold av minigris. Henta 16. juni 2025 frå https://www.mattilsynet.no/dyr/kjaeledyr/veiledning-om-hold-av-minigris

Norsvin. (2023). 60 år med avl på norsk landsvin. https://norsvin.no/60-ar-med-avl-pa-norsk-landsvin/

Oldervik, E. (u.å.). En unik gris med internasjonal avl. Henta 16. juni 2025 frå https://kjottbransjen.no/hva-vi-gjor/dyrevelferd/scanpig-og-svinerasen-hampshire/internasjonal-avl-hampshire/

Vangen, O. (2024, 6. november). Gris. I Store norske leksikon. https://snl.no/gris

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 25.06.2025