Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Fôring og stell av sau

Fagstoff
Video

Året rundt i sauehaldet

Når du driv med sau, er det vanleg at dei ulike arbeidsoppgåvene gjentek seg til omtrent same tid kvart år. Sauane hentar mesteparten av fôret sitt på beite om sommaren og hausten. Vintersesongen startar med klipping og brunst, og etter nokre månader på innefôring står lamminga for tur om våren.

Arbeidsoppgåver om hausten

Dei fleste sauene går på utmarksbeite heile sommaren, og når hausten kjem, er det på tide å hente dei heim til garden.

Sanking

Tidspunktet for sauesankinga varierer med kvar du bur, men som regel går det føre seg i september. Av og til kan vinteren komme tidlegare enn forventa, og då må kanskje sauesankinga framskundast.

Gjetarhund

Ein god gjetarhund gjer sankejobben mykje lettare, men det krev mykje jobb å lære opp hunden før han kan vere ein god kollega i sauehaldet. Hundar som ikkje har fått god nok opplæring, kan gjere stor skade og skal derfor aldri sleppast laus i område der det går beitedyr.

Haustveging

Når du sankar sauene, er det interessant å vite kor mykje lamma har vakse gjennom sommaren. Derfor er det vanleg å vege dei når dei kjem frå utmarka. Nokre beitelag har ordna seg slik at lamma kan vegast i sanketrøa den dagen dei kjem ned. Dei fleste har elektroniske øyremerke, og når lamma blir vegne, blir merka skanna, og vekta blir lagd automatisk inn i husdyrkontrollen.

Avvenning og slakting

Søyene og dei lamma som ikkje skal direkte til slakt, får gå på innmarksbeite heime på garden dei første vekene etter sanking, men sidan vêrlamma begynner å nærme seg kjønnsmodning, er det vanleg å skilje dei frå søyene for å unngå uønskt paring.

Slaktedyr

Dei aller fleste vêrlamma som er store nok, blir sende til slakt med ein gong dei kjem frå utmarka. Det er berre dei vêrlamma som er aktuelle å bruke i avl, som får leve vidare. Nokre søyer og dei lamma du ikkje vil ha med vidare som avlsdyr, blir òg slakta om hausten.

Avlsdyr

Kva dyr som skal brukast i avl, bestemmer du ut frå desse kriteria:

  • Helse hos søyene

    • Sjekk alltid juret for klumpar, sidan det er eit teikn på at søya har hatt jurbetennelse. Då er det stor fare for ny infeksjon ved neste lamming, og søya bør utrangerast.

    • Eldre søyer kan ofte få problem med både bein og tenner, så det må du òg ta omsyn til.

  • Morseigenskapar hos søyene

    • Du bør ikkje avle vidare på søyer som har hatt alvorlege lammingsvanskar.

    • God tilvekst hos lamma tyder på at søya har mykje mjølk og tek godt vare på dei.

    • Søyer som finn gode beiteområde, har store og fine lam om hausten.

  • Helse hos lamma

    • Lamma skal vere friske og livskraftige.

  • Avlsverdien

    • Dette er veldig viktig ved utval av vêrlam, for kvar avlsvêr kan bli far til over hundre lam kvart år. Då er det vel ikkje så rart at gode gen er eit krav?

Innsett og gruppering

Etter nokre veker på innmarksbeite skal sauane inn i fjøset. Tidspunkt for innsett varierer med kvar du bur, men i oktober og november er dei fleste sauane ferdige med utelivet, og slaktesesongen nærmar seg òg slutten.

Når du tek inn sauane, er det best å gruppere dei etter alder. I tillegg må du ta omsyn til haldet for å kunne tilpasse fôringa best mogleg til kvart enkelt dyr. Det er vanleg å plassere lamma og gimrane i eigne bingar, og viss du har plass, bør òg dei tynnaste vaksne søyene samlast i ein eigen binge.

Klipping

Før paringa startar, bør du klippe sauane. Klippinga er viktig for at dyra skal halde seg reine, og dei dyra som går inne, treng heller ikkje den tjukke fellen for å halde varmen. Viss du har sauar som skal gå ute heile vinteren, bør du vente til våren med å klippe dei.

Vaksinasjon av påsettlam

Lamma som vart fødde om våren, blir vaksinerte mot klostridieinfeksjonar ved innsett om hausten.

Klauvsjekk

Det er viktig å sjekke klauvene to–tre gonger i året, og det er tilrådd å ta ein sjekk før paringa startar. Då kan du sørge for å skjere klauvene til dei søyene som treng det, sånn at dei har gode bein å stå på før den stressande perioden med brunst og paringsåtferd startar.

Paring

Paringssesongen blir styrt av kvar i landet du bur, sidan det er best om sauane kan sleppast på beite ganske snart etter lamming om våren. Derfor er det vanleg at paringssesongen startar tidleg i november sør i landet, mens han ikkje startar før i desember lengst nord.

Arbeidsoppgåver om vinteren

Vinteren er ei ganske roleg tid når du driv med sau. Det er eit krav at dyra i fjøset skal ha tilsyn minst to gonger kvar dag, og dei skal alltid ha tilgang til drikkevatn og fôr. Du må ha ein plan for fôringa, slik at alle dyra får dei næringsstoffa dei treng.

Haldvurdering

Du bør alltid ta omsyn til haldet til dyra og kor gamle dei er, og dele dei inn i grupper som har omtrent likt næringsbehov.

Film som viser framgangsmåten ved haldvurdering (3:47)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Fôring og aktuelle fôrslag

Sidan sauane er drøvtyggarar, er det alltid grovfôr som skal utgjere den største delen av fôret. Derfor må du alltid ha nok grovfôr på lager til heile vintersesongen.

Grovfôr

Grovfôr av god kvalitet er nødvendig heile vinteren, men spesielt fram mot lamming. Du kan gjerne gi sauane både surfôr og høy. Søyene toler ikkje skjemt fôr, og du bør òg vere varsam med å bruke fôr som er frose. I den kaldaste perioden om vinteren er søyene utsette for smitte, og det er ikkje uvanleg at dei blir smitta med frå surfôret.

Viss du har høve til å bruke høy i tillegg til surfôr, vil det bli tørrare miljø i fjøset, og det vil igjen gi mindre smittepress.

Kraftfôr

Det finst eigne kraftfôrtypar som er tilpassa sau, men du kan òg bruke blandingar som er laga for både geit og storfe. Uansett må du velje eit kraftfôr som passar til det grovfôret du bruker, så dyra får dekt næringsbehovet sitt.

Mineral og vitamin

Dei ulike kraftfôrtypane er som regel tilsette dei vitamina og minerala som dyra har mest behov for, og i rette mengder. Men for å sikre at søyene får i seg nok salt, mineral og vitamin, er det lurt å setje inn saltsteinar til dei.

Det er ulikt innhald i dei ulike saltsteinane, så du må velje ein type som passar til dyra dine. Du kan risikere at dyra blir forgifta viss dei får i seg for mykje av til dømes kopar. Du kan òg velje å gi tilskot i pulverform.

Kva mineral det kan oppstå mangel på, varierer med både jordsmonn og gjødsling, så her kan det vere nødvendig å ta både jordprøvar og fôranalysar for å finne ut kva slags tilskot dyra dine kan ha behov for.

Hovudregelen er at dei sauane som får mindre enn 0,3–0,4 kg kraftfôr per dag, alltid bør få mineraltilskot.

Fosterteljing og omgruppering

Omtrent to månader etter den første paringa er det på tide med fosterteljing, sånn at du kan tilpasse fôringa av søyene fram mot lamming.

Oppfôring før lamming

Etter fosterteljinga er det vanleg å lage nye grupper av søyer, sånn at dei som ventar fleire lam, kan fôrast sterkare enn dei som berre skal ha eitt. Dei yngste søyene bør framleis ikkje blandast med dei eldre, og det er viktig å ta omsyn til haldet til søyene for å sikre at alle får god nok fôring fram mot lamming og starten på mjølkeperioden. Dette kan du lese meir om i artikkelen om vinterfôring av sau.

Klargjering før lamming

Når lamminga nærmar seg, må du sørge for å gjere klar lammingsbingar og finne ut om du har alt utstyret det kan bli bruk for under lamminga. Det er lurt å begynne å tenke på kva du treng, i god tid og å gjere klart så mykje du kan, før den travle lammingsperioden startar.

Arbeidsoppgåver om våren

Våren er den travlaste tida i sauefjøset, og då må du ofte jobbe både dag og natt for å ta vare på søyer og lam. Samtidig må våronna gå sin gang for å sikre at du har nok fôr til dyra òg neste vinter.

Klipping

Søyene bør klippast i god tid før lamming, gjerne sju–åtte veker før du ventar det første lammet viss du har isolert fjøs. I uisolerte fjøs bør dei behalde ulla litt lenger

For å sikre at klippinga ikkje fører til for røff behandling av søyene rett før fødsel, bør du alltid vere ferdig med å klippe dei når det er fire veker igjen til lamminga startar. Klipping og stress for tett innpå lamminga aukar risikoen for feilstillingar på lamma, og det er òg større fare for at søyene blir sjuke som følge av stresset.

Vaksinasjon

For å sikre at søyene produserer nok antistoff til råmjølka bør dei vaksinerast to og seks veker før lamming. Viss du ventar for lenge, vil dei ikkje rekke å produsere nok antistoff, med det resultatet at lamma ikkje får den immuniteten frå råmjølka som dei treng for å halde seg friske.

Lamming

I lamminga er det viktig å ha fullt fokus på sauane. Du må flytte søya til fødebingen før lamma kjem og følge med under fødselen. Det er ikkje uvanleg med feilstillingar hos lam, så nokon må alltid vere til stades og klar til å gi fødselshjelp når det trengst.

Våronn

Våronna bør du starte du med så snart jorda er lagleg, altså når tela er gått og jorda er tørr nok til å arbeide med. Du kan lese meir om arbeidsoppgåvene i våronna i emnet om engdyrking.

Gjødsling

Ved gjødsling av beitet kan du velje mellom husdyrgjødsel og kunstgjødsel.

Bruk av gjødsel i beitet

Type gjødsel

Når kan han brukast?

Kva kan skje ved feil bruk?

Husdyrgjødsel

Minst fire veker før beitesleppGjødsla kan henge igjen på graset så dyra får ho i seg ved beiting. Fare for smitte med parasittar.

Kunstgjødsel

Helst ei veke før beiteslepp, treng regn for å løyse seg oppDyra kan bli forgifta viss kunstgjødsla ikkje har løyst seg opp.

Beiteslepp

Sauane skal helst sleppast ut på vårbeite når lamma er to til tre veker gamle, men viss vêret tillet det, kan dei sleppast ut endå tidlegare. Uansett må du gjere nokre førebuingar før beiteslepp. Viss du bruker same gjerde som førre år, må du gå over og sjekke om det er heilt. Det kan ofte bli skadar på gjerda over vinteren, så du må rekne med at det blir nokre reparasjonar.

Arbeidsoppgåver om sommaren

Dei fleste som driv med sau, sender dyra sine på utmarksbeite om sommaren. Mens dyra har ferie i utmarka, må du hauste og konservere gras til vinterfôr.

Parasittbehandling

Før du sender sauane til utmarka, bør du behandle lamma mot rundorm. Viss du har lam som skal gå heime heile sommaren, bør dei òg få behandling mot rundorm tre–fem veker etter utslepp. Dei vaksne søyene treng normalt ikkje behandling før beiteslepp, men viss du har problem med spesielle parasittar hos dyra dine, kan det vere nødvendig med tilleggsbehandlingar i flokken

Utmarksbeite

Før du sender sauane i utmarka, må du sjekke om alle dyra er friske nok. Dyr som haltar eller har feber eller andre teikn til sjukdom, skal aldri sendast på utmarksbeite.

Søyer som har mastitt, skal altså ikkje sendast i utmarka. Sjekk jur og spenar!

Både søyer og lam som har munnskurv, må vere heime. Munnskurv er smittsamt og kan føre til mastitt hos søya når lamma syg.

Vurder om lamma kan sendast i utmarka: Er dei beitedyktige og livskraftige? Passar søya på lamma sine, og har ho nok mjølk? Sjekk tilveksten hos lamma.

Lamma må vere minst 14 dagar gamle før dei blir sende. Følg spesielt med på unge søyer og adoptivlam.

Tilsyn

Pass alltid på at søya og lamma finn kvarandre etter at dei er frakta til utmarka. Det kan du gjere ved å la dei roe seg i ei innhegning før du slepper dei laus i terrenget.

Det er krav om at du ser etter dyra dine minst éin gong i veka når dei er i utmarka. Av og til kan det vere nødvendig å sjekke endå oftare, til dømes viss du har mistanke om at dei har for lite vatn eller det er dårlege vekstforhold for beitegraset.

Rovdyr og lause hundar

Om det er rovdyr eller lause hundar i beiteområdet, må du alltid gjere det du kan for å sikre dyra dine mot angrep. Her er det mange meiningar og store konfliktar mange stader, og det kan vere vanskeleg å finne gode løysingar.

I enkelte område har det hendt at sauane må hentast heim tidlegare enn normalt for å unngå store tap. Dette vil gi bonden mindre areal å hauste vinterfôr frå, fordi sauane må beite på innmarka om sommaren.

Fôr til vinteren

Som bonde må du bruke sommaren til å hauste gras som du kan fôre dyra dine med om vinteren. Nokon vel å konservere alt graset som surfôr, anten i silo eller rundballar. Andre vil òg tørke litt av graset, sånn at dei kan gi dyra litt høy som ein del av fôrrasjonen.

Halm kan òg brukast som tilleggsfôr, men hugs at halmen inneheld lite næring i forhold til surfôr og høy. Det går an å behandle halmen med ammoniakk (NH3) for å gjere næringsstoffa meir tilgjengeleg for dyra, men halm bør aldri vere det einaste grovfôret du gir sauane dine.

Oppgåver

  1. Kva er forskjellen på innmarksbeite og utmarksbeite?

  2. Kva for nokre ulike typar utmarksbeite kjenner du til? Kvar i landet finn du dei ulike typane?

  3. Bruk årshjulet til å lage ein årsplan for sauehald i din eigen landsdel. Sånn kan du gjere det: Skriv ut dei to filene under og klipp ut den farga sirkelen før du festar han oppå den kvite sirkelen med ein splittbinders i midten. Då kan du vri den farga sirkelen sånn at arbeidsoppgåvene passar med årstidene der du bur.

  4. Korleis kan vi sørge for at sauane er trygge i utmarka? Diskuter aktuelle konfliktar i nærområdet dykkar, og prøv å tenke ut gode forslag til korleis dei kan løysast.

Kjelder

Animalia. (2017, 14. september). Vaksinering. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/forebygging/vaksinering/

Animalia. (2020, 8. mai). Nye anbefalinger for håndtering av parasitter hos sau. https://www.animalia.no/no/Dyr/sau/aktuelt---sau/nye-anbefalinger-for-handtering-av-parasitter-hos-sau/

Avdem, F. (u.å.). Året rundt med sau. Nortura Medlem. Henta 22. april 2024 frå https://medlem.nortura.no/smaafe/aret-rundt-med-sau/

Forskrift om velferd for småfe. (2013). Forskrift om velferd for småfe (FOR-2005-02-18-160). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2005-02-18-160

Tømmerberg, V., Tollersrud, T., Avdem, F., Sivertsen, T. & Phythian, C. (2017, 13. desember). Mineralforsyning til sau i innefôringsperioden. Animalia. https://www.animalia.no/no/Dyr/sau/aktuelt---sau/mineralforsyning-til-sau-i-inneforingsperioden/

Relatert innhald

Vinterfôring av sau

I vinterhalvåret står dei fleste sauar inne og blir fôra med grovfôr, og dei får kraftfôr ved behov. Fôret er viktig for at sauen skal få nødvendig energi.

Førebuingar før lamming

I god tid før lamminga startar, må du gjere klar lammingsbingar og finne fram alt utstyret du kan få bruk for.



Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 22.04.2024