Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tungmetall og lettmetall

Kva er eigentleg tunge og lette metall? Og kvar blir dei brukte? Her får du ei innføring i eigenskapane og bruksområda til metalla.

Inndeling av metall

Omgrepa tungmetall og lettmetall kjem av at vi deler metall inn i grupper etter massetettleik. Massetettleiken til eit stoff er eit uttrykk for massen (vekta) til ei mengde stoff delt på volumet til stoffmengda, og vi seier derfor at han blir målt i vekt per volum. Det er altså massetettleiken, eller densiteten, som det også blir kalla, til eit metall som bestemmer kva gruppe det høyrer heime i. Dette kan du forske vidare på i det periodiske systemet.

Her i Noreg måler vi massetettleik i kilo per kubikkmeter (kg/m3), og det er også det som er standard måleining i dei fleste andre land i verda (den såkalla SI-eininga). Men det finst også avleidde måleiningar for massetettleik, som til dømes gram per kubikkcentimeter (g/cm3). I USA bruker dei måleininga pound per kubikkfot (lb/ft3).

Tungmetall

Tungmetall er, som namnet seier, tunge. Alle metall som har større massetettleik enn 5 g/cm3, det vil seie minst fem gonger større tettleik enn vatn, blir rekna som tungmetall. Gull, sølv og bly er døme på slike metall.

Nokre av dei vanlegaste tungmetalla du vil bruke og lære meir om på skulen, er

  • – blir brukt i TIG-sveising

  • – blir brukt i plater for sveising og rammer til reiskap, bilar og traktorar

  • – blir brukt i alle elektriske koplingar og leidningar i elektroarbeid

  • – blir brukt til all lodding

Lettmetall

Lettmetall er lette, det vil seie at dei har låg massetettleik. Alle metall med mindre massetettleik enn 5 g/cm3 blir rekna som lettmetall.

Dei vanlegaste lettmetalla er aluminium og magnesium. Dei blir ofte brukte som konstruksjonsmateriale fordi dei har stor styrke i forhold til vekt.

Gull versus magnesium

Vi kan ta ein nærare titt på eit tungmetall (gull) og eit lettmetall (magnesium), og samanlikne eigenskapane og bruksområda deira.

Gull versus magnesium

Metall

Gull

Magnesium

Massetettleik

19 300 kg/m3

1 740 kg/m3

Pris per m3

13,38 milliardar kr

Ca. 57 500 kr

Bruksområde

Smykke og elektronikk

Flykomponentar og felgar

Finst/blir mest produsert i

Australia og Sør-Afrika

Kina har over 86 % av all produksjon i verda

Skrive av Haldor Hove.
Sist oppdatert 27.08.2026