Tungmetall og lettmetall

Inndeling av metall
Omgrepa tungmetall og lettmetall kjem av at vi deler metall inn i grupper etter massetettleik. Massetettleiken til eit stoff er eit uttrykk for massen (vekta) til ei mengde stoff delt på volumet til stoffmengda, og vi seier derfor at han blir målt i vekt per volum. Det er altså massetettleiken, eller densiteten, som det også blir kalla, til eit metall som bestemmer kva gruppe det høyrer heime i. Dette kan du forske vidare på i det periodiske systemet.
Her i Noreg måler vi massetettleik i kilo per kubikkmeter (kg/m3), og det er også det som er standard måleining i dei fleste andre land i verda (den såkalla SI-eininga). Men det finst også avleidde måleiningar for massetettleik, som til dømes gram per kubikkcentimeter (g/cm3). I USA bruker dei måleininga pound per kubikkfot (lb/ft3).
Tungmetall
Tungmetall er, som namnet seier, tunge. Alle metall som har større massetettleik enn 5 g/cm3, det vil seie minst fem gonger større tettleik enn vatn, blir rekna som tungmetall. Gull, sølv og bly er døme på slike metall.
Nokre av dei vanlegaste tungmetalla du vil bruke og lære meir om på skulen, er
wolfram – blir brukt i TIG-sveising
jern – blir brukt i plater for sveising og rammer til reiskap, bilar og traktorar
kopar – blir brukt i alle elektriske koplingar og leidningar i elektroarbeid
tinn – blir brukt til all lodding
Lettmetall
Lettmetall er lette, det vil seie at dei har låg massetettleik. Alle metall med mindre massetettleik enn 5 g/cm3 blir rekna som lettmetall.
Dei vanlegaste lettmetalla er aluminium og magnesium. Dei blir ofte brukte som konstruksjonsmateriale fordi dei har stor styrke i forhold til vekt.
Gull versus magnesium
Vi kan ta ein nærare titt på eit tungmetall (gull) og eit lettmetall (magnesium), og samanlikne eigenskapane og bruksområda deira.
Metall | Gull | Magnesium |
|---|---|---|
Massetettleik | 19 300 kg/ | 1 740 kg/ |
Pris per m3 | 13,38 milliardar kr | Ca. 57 500 kr |
Bruksområde | Smykke og elektronikk | Flykomponentar og felgar |
Finst/blir mest produsert i | Australia og Sør-Afrika | Kina har over 86 % av all produksjon i verda |