Dreiing
Film: Sponfråskiljing og omdreiingstal
I denne filmen (lengde 3:39) lærer du om sponfråskiljing av arbeidsstykke i metall.
Kva er dreiing?
Dreiing er ein avsponingsmetode for å forme og behandle materiale av metall, plast og tre. Det er ein arbeidsoperasjon der arbeidsemnet roterer mens maskinoperatøren betener verktøyet. Dreien lagar sylindriske former med eit skjereverktøy som arbeidstykket dreier mot og ikkje frå. Det vil seie at omdreiinga skal skje mot skjereverktøyet. I dei fleste dreiebenkar betyr det i motsett retning av urvisaren, det vil seie moturs (mot uret).
Når du lærer å gjenge i dreiebenken, vil du bruke omdreiing både mot og med urvisaren. Når du dreier med klokka, kallar vi det medurs (med uret).
I tabellen nedanfor er ei oversikt over grunnleggande dreieoperasjonar.
Operasjon | Rørsleakse | Beskriving |
|---|---|---|
| Lengdedreiing | Z-akse | Operasjon der diameteren blir mindre og mindre. |
| Plandreiing | X-akse | Operajon der vi avrettar enden på arbeidsstykket. Hovudsleiden må låsast for at vi skal få ei plan flate. |
| Innvendig dreiing | Z-akse | Operasjonen krev spesialtilpassa dreiestål og stålhaldar. |
| Avstikking og sporstikking | X-akse | Operasjon der dreieemnet anten får eit spor eller blir kutta av frå resten av arbeidsstykket. |
| Utvendig og innvendig gjenging | Z-akse | Operasjon der dreieemnet får utvendige og/eller innvendige gjengar. |
