Matefart
Kva er matefart?
Matefarten viser kor langt eit skjerverktøy bevegar seg per spindelomdreiing, altså kor djupt skjereverktøyet kuttar. Det engelske faguttrykket for matefart er feedrate.
Ved dreiing blir matefarten oppgitt som avstand per minutt, vanlegvis i mm/min eller tommar/min. Det er fordi skjereverktøyet i dreiebenken berre har éin skjerande egg. Ved fresing eller boring blir talet oppgitt som matefart per tann eller skjereegg.
Korleis finne rett matefart?
Val av matefart er avhengig av fleire forhold:
materialet du skjer i (til dømes aluminium, stål, tre eller akryl)
materialet som skjereverktøyet er laga av (til dømes hardmetall, karbid, høgfartsstål eller keramikk)
ønskt overflatekvalitet
kapasiteten til CNC-maskina
om du bruker kjøling eller ikkje
Når du skal berekne og velje rett matefart, er det derfor viktig å ta omsyn til punkta nedanfor.
Rett verktøy
Det er materialet du skal skjere i, som avgjer kva slags skjereverktøy du skal bruke. CNC-maskinene er ofte sette opp med eit grovverktøy og eit finverktøy. Dei har ulike eigenskapar, og du må velje rett skjereverktøy for kvar enkelt jobb. Kvart enkelt verktøy har som oftast oppgitt ein optimal mate- og skjerefart for ulike materiale.

Ønskt overflateruheit
Ruheita på overflata aukar når matefarten aukar. For å få ei fin overflate er det derfor viktig at matefarten er lågare på siste kutt. På dei fleste CNC-maskinene er det mogleg å sette ein eigen matefart for grovbearbeiding (roughing) og finbearbeiding (finishing).

Maksimal spindelkraft
Du må aldri bruke større matefart enn det maskina di kan levere, sjølv om du har rekna ut at du treng ein høgare fart. Gjer du det likevel, vil det bli unormalt stor slitasje på maskina. I tillegg kan du få ujamn gange på maskina og eit dårleg resultat på arbeidet ditt.
Stabiliteten på CNC-maskina
Du må ikkje velje større matefart enn det CNC-maskina og oppspenning toler. Det er viktig at du alltid spenner opp på ein sikker måte og utan unødvendig overheng. Då er det mindre fare for at arbeidsemnet skal bevege seg.
Kvalitet og dimensjon på arbeidsemnet
Når du bruker tynne eller mjuke materiale, kan arbeidsemnet bøye seg bort frå skjereverktøyet viss matefarten blir for høg. Det same kan skje ved lange overheng. Då vil du få eit unøyaktig resultat og eit dårleg overflateresultat.

Kuttbreidde
Minimum kuttbreidde vil vere avhengig av naseradiusen til verktøyet. Kuttbreidde lågare enn halv naseradius gir ofte dårleg resultat og spontynning (chip thinning) på fagspråket. I slike tilfelle må du auke matefarten for å motverke sponuttynning. Det gjer du både for å halde oppe produktiviteten og for å unngå gniding som reduserer levetida til verktøyet.
Relatert innhald
Her kan du lære om omgrepa skjerehastigheit og omdreiingstal i samband med dreiing.