Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Spreiing av mineralgjødsel

Mineralgjødsla kan vi tilføre på fleire måtar. I fleirårige vekstar må vi normalt gjødsle i ein eigen arbeidsoperasjon, i eittårige produksjonar som korn og potet kan vi kombinere det med såing eller setjing. Økonomien vil avgjere kor effektivt og presist du skal tilføre mineralgjødsla.

Sentrifugalspreiar

Sentrifugalspreiaren er ein anvendeleg reiskap som først og fremst blir brukt til mineralgjødsling av eng. Han blir òg til dømes brukt til gjødsling før såing av korn dersom du ikkje har såmaskin som gjødslar samtidig med såing. Reiskapen er ikkje i kontakt med plantene eller jorda og kan derfor òg brukast til overgjødsling av både korn, potet og andre etablerte vekstar.

Han kan òg brukast til økologisk pelletert hønse- eller grøngjødsel, men fordi han er konstruert for mineralgjødsel, er han litt mindre presis på den økologiske pelleterte gjødsla.

Det finst fleire merke og modellar der mellom anna kapasitet, spreiebreidde og kor presis han er, varierer. Det finst sentrifugalspreiarar med moglegheiter for å variere gjødselmengda etter behov, såkalla variabel gjødsling. Behovet kan kartleggast og overførast til sentrifugalspreiaren på ulike måtar. Dette kan vere gunstig til dømes på ei eng der avlingspotensialet kan variere på grunn av jordtype, dreneringsforhold, pH, plantesamansetjing eller andre forhold. Nokre sentrifugalspreiarar er utstyrte med kantspreiingsutstyr, det vil seie at du får gjødsla full mengde heilt ut til kanten på enga eller åkeren utan å gjødsle utanfor. Både variabel gjødsling og kantspreiingsutstyr er ein fordel for miljøet og for økonomien.

Kombinert gjødsling og såing

Når vi sår korn og enkelte andre eittårige vekstar, bruker vi ofte ei maskin som både sår og gjødslar i same arbeidsoperasjon. Ei slik kombimaskin har to kammer der det eine blir fylt med såkorn eller frø, det andre med mineralgjødsel. Du kan stille inn ønskt mengde av frø og gjødsel separat, du kan altså så mykje frø og lite gjødsel eller omvendt.

Det finst mange typar og storleikar av kombimaskinene. Det som varierer mellom storleikane, er arbeidsbreidda og volumet på såfrø- og gjødseltankane. Nokre av dei kombinerte så- og gjødselmaskinene krev at jorda er pløgd og harva før bruk, mens med dei såkalla direktesåmaskinene kan du så og gjødsle direkte i halmstubben.

Du kan bruke pelletert hønse- eller grøngjødsel i kombimaskinene, men som for sentrifugalspreiaren blir dette mindre presist enn å bruke mineralgjødsel.

Kombinert gjødsling og potetsetjing

Skal du dyrke potet på større areal, kan det vere verd å investere i ein potetsetjar som kombinerer setjing med gjødsling. Storleiken varierer, og dei største set og gjødslar mange rader samtidig. Dei nyaste og mest avanserte har utstyr for å behandle setjepotetene førebyggande mot soppangrep under setjing. Og har du behov for å forandre setjeavstanden på potetknollane mens du køyrer, er det moglegheiter for å kunne justere dette frå ein skjerm inne i traktorhytta.

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Flatvad, L. G. (2024, 14. november). Få gjødsla dit ho gjer nytte for seg. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/kunnskap/fagartikler/grovfor/default/fa-gjodsla-dit-ho-gjer-nytte-for-seg

Kordal, R. E. (2024, 19. april). Ny teknologi på potetsetteren. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/kunnskap/fagartikler/potet/default/ny-teknologi-pa-potetsetteren

Norsk Landbruksrådgiving (2021, 27. april). Innstilling av sentrifugalspreder. https://www.nlr.no/kunnskap/fagartikler/maskinteknikk/nord/innstilling-av-sentrifugalspreder

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 17.06.2025