Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Gjer lydopptak

Test opptaksutstyr, ta opp dialog og miljølyd, og lag ei lydforteljing.

1. Test opptaksutstyr

  • Bruk minst to ulike typar opptaksutstyr.

  • Bruk minst to ulike typar mikrofonar.

  • Gjer opptak på ulike stader innandørs og utandørs.

  • Lytt til opptaka i klasserommet og diskuter lydkvaliteten.

2. Ta opp dialog

  • Gjer opptak av dialog.

  • Lytt til opptaket, diskuter kvaliteten på lyden, og gjer fleire opptak. Bruk gjerne ulikt opptaksutstyr og samanlikn.

3. Ta opp miljølyd og effektlyd

  • Ta opp fem miljølydar. Kvart lydopptak skal vare i cirka eitt minutt.
  • Ta opp ti effektlydar. Kvar lyd skal vare frå eitt til fem sekund.
  • Lytt deretter til opptaka i klasserommet. Dei andre elevane skal gjette kva lyden er, og kvar han er teken opp.

4. Lag ei lydforteljing

Lag ei lydforteljing ved hjelp av miljølydar, effektlydar, dialog og musikk. Forteljinga skal vare i cirka eitt minutt.

Forteljinga kan handle om daglegdagse hendingar, som å stå opp og ete frukost, eller noko dramatisk, som når nokon blir påkøyrd og køyrd til sjukehuset for behandling.

Avtal innlevering med læraren.

Relatert innhald

Lydtypar

Godt lydarbeid i lyd- og filmproduksjonar hevar kvaliteten med mange hakk. I denne teksten lærer du om dei fire lydtypane.

Om lyd og lydopptak

Her finn du lydfiler der du lærer korleis du går fram for å gjere ein lydproduksjon frå opptakssituasjonen til redigeringsrommet.

Skrive av Albertine Aaberge, Gjert Meling og Dag Øverland.
Sist oppdatert 17.04.2026