Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Lyd

Lyd, lydopptak og opptaksutstyr

Korleis heng høyrselssansen saman med lydopptak og redigering? Lytt til lyd og lær om lyd. Få òg innsikt i korleis du kan sikre god kvalitet på lydopptak med handhaldt opptakar, mobiltelefon og videokamera.

Kva er lyd?

Lyd er sanseinntrykk du får gjennom høyrselen. Når nokon klappar i hendene, oppstår det lydbølger, slik bølger breier seg når du har kasta ein stein i vatnet. Svingingane i lufta treffer trommehinnene i øyret, og små bein i mellomøyret overfører mekaniske vibrasjonar til sniglehuset inst i øyret. Her blir dei gjorde om til elektriske signal som blir sende til hjernen, og vi oppfattar lyd.

Lydbølgene treffer først det eine øyret og så det andre. Derfor høyrer vi kvar lyd kjem frå, og om han er langt unna.

Om lyd

0:00
-0:00
Lyd: Håkon Braaten / CC BY-SA 4.0

Lydfrekvens og lydstyrke

Når vi gjer lydopptak og redigerer lyd, forheld vi oss til lydfrekvens og lydstyrke. Lydfrekvens er talet på svingingar per sekund og blir målt i hertz (Hz). Anatomien til øyret fangar opp lyd i området 20 Hz til omtrent 20 000 Hz. Mørke tonar har få svingingar, og lyse tonar har mange svingingar. Jo større kraft det er i svingingane, jo sterkare er lyden. Lydstyrke måler vi i desibel (dB).

Ein mikrofon fangar opp lydbølger og konverterer dei til digital informasjon. I eit redigeringsprogram styrer du lydfrekvens og lydstyrke på sluttresultatet.

Tips til lydopptak

For å lykkast med lydopptak må du bruke god mikrofonteknikk og ta omsyn til rommet du er i, og støy i omgivnadene. Øving gjer meister!

Hald mikrofonen nært lydkjelda

Mikrofonen skal vere så nært lydkjelda som mogleg. Spesielt i intervjusituasjonar ønsker du at den som pratar, skal høyrast klart og tydeleg. Du ønsker ikkje å få med romklang på opptaket.

Tenk over rommet

Bruk rom med mjuke flater, eller pakk deg inn i ei dyne. I rom med harde flater, vil lyd bli kasta fram og tilbake mellom veggene og bli fanga opp på lydopptaket. Ved opptak utandørs, bør du vere merksam på om det er vind. Finn i så fall skjerming for vinden, eller dekk til mikrofonen.

Fjern støykjelder

Fjern kjelder til støy, altså lyd som kan forstyrre på opptaket ditt. Skru av tv eller kjøkkenvifte. Behald eventuelt naturlydar og musikk dersom det skal gi bakgrunnsstemning, men ver merksam på at det er lettare å kontrollere heile lydbiletet om du legg det på til slutt.

Bruk øyretelefon

Bruk alltid øyretelefon ved lydopptak. Då får du med deg korleis opptaket blir.

Lydopptak og opptakssituasjonen

0:00
-0:00
Lyd: Håkon Braaten / CC BY-SA 4.0

Opptaksstutstyr

Handhalden opptakar

Ein profesjonell lydopptakar har vanlegvis ein innebygd stereomikrofon, det vil seie to mikrofonar plasserte vinkelrett på kvarandre, ein for høgre og ein for venstre kanal, som gir eit opptak med litt ulik lydkarakter på dei to sidene. Dette høyrest tydeleg om du tek opp ein person som går forbi frå høgre til venstre.

Opptakaren har moglegheiter for å justere lydstyrken på veg inn i opptakaren (gain), og dette er viktig for å få optimal lyd. Han har òg minnekort for lagring av lydfilene, og han har volumjustering for hovudtelefonar, som du bør bruke under opptak for å høyre at du tek opp god lyd.

I eit intervju er det òg mogleg å bruke ein handhalden mikrofon til intervjuaren og til dømes ein mikrofonmygg på intervjuobjektet. Opptaket vi gjer, inneheld då to lydspor som kan miksast saman etterpå i eit lydredigeringsprogram.

Lydopptak på mobil

Moderne mobiltelefonar har ein opptaksfunksjon som gjer det mogleg å ta opp lyd. Det finst fleire appar som passar til dette formålet. Journalistar bruker som regel mobil til opptak av intervju i profesjonell samanheng.

Fordelen med mobiltelefonen som lydopptakar er at du alltid har han med deg. Men ulempa er at den innebygde mikrofonen kan ha dårleg kvalitet. Kvaliteten aukar vesentleg dersom du har høve til å kople ein ekstern mikrofon til telefonen.

Redigeringsmoglegheitene på smarttelefonar kan òg vere avgrensa.

Lydopptak på videokamera

Du har sikkert irritert deg mange gonger over at du ikkje får med deg alle replikkane i ein film eller ein tv-serie på grunn av dårleg lyd. Når du gjer opptak av ein scene eller eit intervju, må du sørge for at lyden frå stemmene blir så optimal som mogleg. Alle andre lydar kan du jo legge på som eigne lydspor i etterkant.

God lyd er avhengig av at rett mengde lydar blir tekne opp. Derfor må du stille inn lydnivået på videokameraet i forhold til kor høg eller låg opptakslyden er. Dersom lyden blir for høg, kan han bli overstyrt eller sprengd og høyrast forvrengd ut.

Vel rett type mikrofon

Mikrofonkarakteristikk

Nokre mikrofonar er retningsorienterte og fangar opp lyden berre i eit smalt område rett framfor mikrofonen (shotgunkarakteristikk), mens andre kan fange opp lyden rundt heile seg (kulekarakteristikk).

Kulemikrofonar

Handmikrofonen er dynamisk og mindre kjenslevar for støy som oppstår når du beveger handa.

Dersom du skal intervjue nokon, og det er i orden at mikrofonen blir vist i biletet, kan du bruke ein handmikrofon. Denne typen mikrofon er mykje brukt i nyheitsinnslag og gir heilt fin lyd.

Myggmikrofonar

Myggmikrofonen passar bra i tv-intervju fordi han er så liten at han ikkje sest. Han kan fint plasserast på klede. Dersom myggen har sendar, kan intervjuobjektet òg bevege seg fritt.

Shotgunmikrofonar

Shotgunmikrofonar er avhengige av straum.

Du bruker ein zeppelinar (handtak) på mikrofonen når du gjer opptak utandørs for å verne mot risting og handrørsler.

Pakk mikrofonen inn i pelstrekk for å unngå uling og sus på opptaket.

Om produsent og lydteknikar Håkon Braaten

Produsent og lydteknikar Håkon Braaten har produsert lydfilene om lydproduksjon. Han er utdanna musikar frå Westerdals Oslo ACT.

Han har jobba med lyd profesjonelt sidan 2014, har vore med på å produsere musikk for fleire artistar og dessutan vore aktiv med turnéverksemd. Han produserer òg ei rekke podkastar.

Han produserer mellom anna podkastar som Historiepodden, Skrekkpodden og Truecrimepodden kvar veke og fleire av podkastane til TV 2 og til bedrifter og organisasjonar som TONO og Unicef.

Relatert innhald

Lydtypar

Godt lydarbeid i lyd- og filmproduksjonar hevar kvaliteten med mange hakk. I denne teksten lærer du om dei fire lydtypane.

Skrive av Albertine Aaberge, Stina Åshilddatter Grolid og Gjert Meling.
Sist oppdatert 11.08.2026