Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tilskjering

Ei tilskjering går raskt å gjere, men har veldig mykje å seie for korleis biletet ditt kjem til å sjå ut. Samstundes som vi lagar nytt utsnitt, kan vi òg rotere.

Ovanfor ser du eit HD-utsnitt på skjergardsbiletet. Horisonten er retta opp og biletet tilskore, slik at vi klipper bort skumsprøyt i venstrekanten og skipet som stod øvst til høgre.

Det engelske ordet for tilskjering er "crop", og vi finn det vanlegvis i verktøypaletten, med eit symbol som ser ut som ei ramme som blir trekt saman.

Når vi startar biletbehandlinga, lagrar vi alltid fila i eit arbeidsformat først. Bruk gjerne Photoshop eller pixlr.com/editor/ og gjer denne øvinga sjølv.

For å bruke verktøyet kan vi dra over det området vi ønsker å behalde, men vi kan òg setje ei rekke innstillingar: "Proporsjonalitet" eller "Oppløysing" er nyttige innstillingar. Viss vi skal klippe dette biletet for å ha det som bakgrunn i ein HD-film, kan vi setje pikselverdien (1080 x 1920) direkte. Ver merksam på at du ikkje bør setje ein høgare pikselverdi enn biletet har frå før.

Framgangsmåte for eksempelbilete:

  1. Vi lastar ned eksempelbilete frå denne adressa: https://images.ndla.no/img_1920ps.jpg
  2. Vi går til pixlr.com/editor/ og vel "Open image" og lastar opp biletet frå nedlastingsmappa.

  3. Sidan pixlr.com ikkje kan skjere til og rotere samtidig, tek vi først roteringa. I menyen vel vi Edit > Free transform og klikkar og dreg litt utanfor øvste høgre hjørne for å rette opp horisonten.

  4. Vi vel tilskjeringsverktøy (crop).

  5. Blant valknappane vel vi "Size" i staden for "Free".

  6. Vi vel Full HD frå Preset-vallista.

  7. Vi justerer utsnittet ved å klikke og dra i ramma. Følg med på at tala for breidde (Width) oppe til venstre ikkje blir lågare enn talet for ny breidde (W) oppe til høgre, for å unngå oppskalering og kornete bilete.

  8. Vi trykker "Enter" eller dobbeltklikkar for å godta valet.

Alternativ tilskjering: Om du vel "Ratio" i staden for "Size", kan du velje å lage eit kvadratisk utsnitt frå biletet.

Skrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist oppdatert 24.04.2018