Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Praktisk oppgåve i fotokomposisjon

Dra på skattejakt etter fem ulike motiv.

1. Skattejakt

Gå ut i dei omgivnadene som er rundt deg, og jakt på fem ulike motiv.

Du skal bruker dei fem forskjellige komposisjonsprinsippa:
tredelsregelen, linjeføringar, forenkling og eliminering, rytme og innramming.

Du bør satse på å ta så mange eksponeringar som mogleg, gjerne 80–100 bilete. Hugs å setje av 10–15 minutt til å plukke ut dei fem beste bileta.

2. Biletkritikk i grupper

Ved å sjå på bileta til medelevane dine og gi tilbakemelding på kva du synest er bra, blir du ein betre fotograf.

Klassen blir delt i grupper på maksimum fire elevar. Kvar fotograf har fem minutt på å få vise fram dei fem bileta sine og få svar på desse spørsmåla frå medelevane sine:

  1. Kva bilete er det beste? Gruppa blir einig.
  2. Kva ved biletet er det dei likar?
  3. Kva komposisjonsprinsipp er brukt, og kva kjensler skapar dei (dynamikk, spenning, interesse, harmoni, ro, uro)?

Når alle har vist fram bileta sine, stemmer gruppa på det beste biletet. Det biletet som får flest røysterr, blir levert til læraren for gjennomføring av Del III.

3. Biletekritikk i plenum

Læraren viser fram vinnarbileta frå kvar gruppe til klassen og gir ei kort tilbakemelding.

Skrive av Christina Listanco Einmo.
Sist oppdatert 12.08.2026