Felling av tre

Planlegging før felling
Før du startar sjølve fellinga, skal du
- vurdere hellinga på treet
- sjå om kvister og greiner står skeivt på stammen
- vurdere vindretning og vindstyrke
- sjå om andre tre heng fast i det treet du skal felle
- sjå om treet har tørr eller ròten topp som kan falle ned når treet byrjar å falle
- forsikre deg om at det er fri bane der treet skal falle
Oppkvisting før felling
Når du kvistar treet før felling, skal du arbeide med saga parallelt med skuldrene. Då går eventuelle kast ikkje mot kroppen. Sag alltid ovanfrå og nedover.
Når du er ferdig med å kviste opp, ryddar du vekk kvistar frå arbeidsområdet du treng til fellinga. Ein ryddig arbeidsplass er ein trygg arbeidsplass!
Retrettveg
Planlegg retrettvegen, og rydd han om nødvendig. Retrettvegen går på skrå bakover i forhold til felleretninga. Hit går du når treet tek til å falle. Stå aldri ved stubben og sjå på at treet fell! Dersom rotenden slår opp når treet treff bakken, blir du treft med stor kraft. Sit saga fast i stubben når treet fell, la ho sitje fast og gå unna!
Felleskjer og brytekant

Figuren over viser korleis du feller treet.
- Start med å legge overskjeret. Det skal gå på skrå nedover på den sida du planlegg at treet skal falle mot.
- Sag deretter underskjeret rett inn til det treffer enden på overskjeret.
- No har du eit felleskjer eller felleskar. Opninga på dette skal vere mellom 60 og 90 gradar. Felleskjeret skal gå ca. 1/4 inn i stammen.
Hovudskjeret skal vere i same høgde som der overskjeret og underskjeret møtest. Brytekanten er den stripa av ved som er mellom felleskjeret og hovudskjeret, der pila på figuren peiker. Han held treet under kontroll og skal ikkje sagast av! Brytekanten skal normalt vere jamtjukk og ha ei breidde på ca. 8–10 prosent av diameteren på treet. På svært grove tre bør han likevel ikkje vere tjukkare enn 4–5 cm.
- Undervegs i hovudskjeret må hjelpemiddel fellekile, fellespett eller trampejern på plass før du har komme for langt og treet fell bakpå.
Brytekanten fungerer som eit hengsel og styrer treet i den retninga du har tenkt. Det er viktig med eit ope felleskjer. Då har du litt tid før overskjeret møter underskjeret, brytekanten brotnar og treet så godt som er i bakken.
Hugs å trekke deg unna når treet tek til å falle!
Sagar du over brytekanten, har du ikkje kontroll over treet, og det kan falle i kva retning som helst. Det er ein svært farleg situasjon.